
Berekraft
Det å ta gode val i kvardagen, trur vi er ein
viktig del av løysinga på dei store utfordringane.

Ta gode val. For deg og miljøet.
Straumkundane våre skal vere meir energieffektive enn den vanlege mannen i gata. For saman skal vi unngå straumsløseri. Oppskrifta? Gjennom innsikt, rådgiving og gode produkt og tenester skal vi dele kunnskap og leggje til rette for at det er lett å bruke straumen smart. Det er ikkje lett, men vi er på veg.
Framover vil energiforbruket totalt sett auke. Vi kan bidra til å halde klimagassutsleppa nede ved å få eit smartare straumforbruk. Vi trur at løysinga på dei små tinga i kvardagen også er ein viktig del av løysinga på dei store utfordringane.

Unngå straumsløseri
Visste du at med målretta energileiing kan bedrifter redusere forbruket sitt med 10 % utan å gjere investeringar? Heime kan du også redusere straumrekninga di med enkle grep. I mange år har straum vore billig i Noreg, noko som har gjort at mange av oss har eit umedvite forhold til straumforbruket sitt. Vi ønskjer mindre straumsløseri, utan at det går på kostnad av komforten.
Noko av det viktigaste vi i Wattn gjer er derfor å dele kunnskap og gi gode råd. Derfor har vi mellom anna lansert miljøprogrammet Energiarena til bedrifter. I tillegg til dette har vi energirådgivarar til både privat og bedriftsmarknaden og vi deler gode straumsparetips i alle kanalane våre.
Energirådgiving til bedrifter

Kunnskap og innsikt
For å gjere endringar som monnar, må du vite kva utgangspunktet er. Wattn-appen og Bedriftsportalen er digitale verktøy som gir kundane både innsikt og kontroll over sitt eller bedrifta sitt totale straumforbruk. I appen kan funksjonar som spotprisvisning og effektvarsling vise når det er lurt å redusere forbruket.
I Bedriftsportalen vil funksjonar som EOS avdekke feil og sikre at energibruken alltid er optimal. Det å ha eit aktivt forhold til straumforbruket er bra med tanke på miljøet, men også lommeboka. Når det gjeld straum, heng ofte desse tett saman.

Smarte produkt og tenester
I 2025 lanserte vi smart elbillading med effekt. Denne tenesta gjer at ladinga av elbilen blir optimalisert i forhold til straumpris og det totale straumforbruket ditt der og då. Når vi tek omsyn til effekten, bidreg vi til å senke den totale belastninga i straumnettet. Noko som bidreg til å utsetje utbygging og til at du som kunde får ei lågare nettleige.

Vår kraft til å påverke
Den største andelen av klimagassutsleppa våre er indirekte. Utsleppa blir knytte til bruk av straumen eller produksjon og frakt av dei fysiske produkta vi sel. Vi har også utslepp frå vår eiga drift, dette er energibruk, kontoravfall, tenestereiser osb. Dokumentasjon på vårt arbeid med berekraft kan du lese meir om i berekraftsbiblioteket vårt.
Har du innspel til oss?
Hos Wattn ønsker vi å bidra til eit meir berekraftig samfunn. Derfor tek vi ansvar for miljøpåverknaden og arbeida vår kontinuerleg med å redusere klimaavtrykket vårt. Kvart år rapporterer vi inn tal knytte til verksemda vår, noko som resulterer i ein klimarekneskap med tilhøyrande resultat og statistikk.
Vi set stor pris på forslag til korleis vi kan forbetre klima- og miljøpåverknaden frå drifta vår, våre produkt eller tenester. Send gjerne innspela dine til leiaren vår for berekraft, Elin Hessen, på e-post: elin.hessen@wattn.no.