
Spar straum
Her får du gode tips og råd til korleis du
kan redusere straumrekninga og -forbruket.
Tenker du på korte dusjar, kalde golv og eit evig mas om å slå av lyset når du høyrer «straumsparing»? For oss handlar det om å bruke straumen smartare. Det er mykje du kan gjere før du må fryse på tærne.

Straumsparing utan å ofre komforten
Straum står for ein stor del av hushaldningsbudsjettet – og i norske heimar går mesteparten til oppvarming og varmt vatn. Men det trenger verken vere dyrt eller vanskeleg å kutte forbruket. Med nokre små justeringar i vanane og enkle tiltak kan du få meir igjen for kvar kilowattime.
🛋️ Få oversikt: Spar straum rom for rom
🔎 Finn straumtjuvane - og stopp dei
💡Topp 5 straumsparetips - som du kan gjere i dag

Lader du elbilen heime?
Då er du ikkje åleine – snart rullar éin million elbilar på norske vegar. Det er ingen tvil om at Noreg leiar an i elbilrevolusjonen. Men visste du at korleis og når du ladar, kan ha mykje å seie? Med nokre enkle grep kan du lade smartare og kutte straumrekninga.
🚗 Lad elbilen når straumen er lågast
⚡ Lad smart og spar pengar på nettleiga
🔌 Derfor bør du byte til elbilladar heime

Gode verktøy og støtteordningar
Å spare straum handlar mykje om gode vanar – men det finnast også smarte hjelpemidler og ordningar som gjer jobben enklare. Her er nokre verktøy og støtteordningar du som privatperson kan ha nytte av.
🛠️ Bruk verktøya du allereie har
💚 Spar straum og miljø med støtte frå Enova