Spire
Gjennom Spire kan du nominere stort og smått, så lenge det betyr noko for fleire. Vi ser etter initiativ som spirer av engasjement, fellesskap og gode verdiar. Det kan vere lag, organisasjonar, prosjekt, tiltak – eller liknande – som bidreg til å gjere lokalsamfunnet betre. Kanskje kjenner du til eit slikt initiativ, eller nokon som står bak? Då vil vi gjerne høyre meir om det!
Vi delar ut 200 000 kroner i året fordelt på 10 initiativ.
Nomineringsfristar
Vår: 1. april til 15. mai
Haust: 1. september til 15. oktober.
Nominer no!
Nokre av våre Spirar🌱
Vi heiar på engasjementet som får lokalsamfunn til å spire og blomstre – enten det skjer på scena, i løypa eller rundt bålpanna. Her er nokre av arrangementa og tiltaka vi støttar gjennom våre Spire-midler.

Kong Arthurspelet
I Kong Arthurspelet får barn vere heltar, og vaksne sleppe latteren laus i ei historisk og humoristisk framsyning. Spelet samlar folk på tvers av alder og bygder – som aktørar og publikum. Det er eit sosialt løft med nye venskap, fellesskap og minner for livet.

Leikanger Skyttarlag
Leikanger Skyttarlag arrangerer finalerunde i Norgescupen – eit prestisjefylt stemne som samlar landets beste skyttarar. Samstundes legg dei til rette for eigne ungdomsstemne for å rekruttere og engasjere dei yngste. Det handlar om meistring, tradisjon og målretta innsats.

X2 Festivalen
X2 Festivalen i Volda og Ørsta er ein folkefest for både ekstremsport-entusiastar og kulturinteresserte. Her møtest surfing, klatring og frikøyring med konsertar, foredrag og fellesskap. Festivalen løftar fram både naturen og dugnadsånda – og skapar liv i heile regionen.