Wattn-profil-gradient-lys

Klagerett

Vi vil gjerne høyre frå deg dersom du ikkje er fornøgd med korleis vi behandlar deg som kunde.

Ring oss gjerne på 70 10 20 10, chat med oss, eller send oss ein e-post.

Om du har vore i kontakt med oss utan å få løyst saka di har du rett til å klage til Elklagenemnda. Andre klagemoglegheiter du har er til Forbrukartilsynet, Forbrukarrådet og Reguleringsmyndigheitene for energi (RME).

Elklagenemnda

Elklagenemnda er ei nøytral og uavhengig nemnd som behandlar tvistar mellom straumkundar og energiselskap.

Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet er ei offentleg tilsynsmyndigheit som fører tilsyn med marknadsføring og avtalevilkår.

Forbrukarrådet

Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon.

RME

RME skal sørge for at aktørane held seg til regelverket som sikrar like konkurransevilkår i kraftmarknaden og eit effektivt drive straumnett.