Wattn trygg stromhandel

Straum

Trygg Strømhandel

Sertifiseringsordningen er eit kvalitetsstempel som gjer det enklare og tryggare å vere straumkunde i Noreg. Dei straumleverandørane som er sertifiserte må tilfredsstille ei rekkje krav både når det gjeld salsaktivitetar, informasjon, rutinar, marknadsføring og opplæring av tilsette.

Det vert stilt strenge krav til salsaktivitetar i ulike kanalar, som til dømes telefon, sosial medium, dørsal eller stands. Det vert også stilt krav til mellom anna kontinuerleg forbetring og gode prosessar rundt klagebehandling.

Kva er Trygg Strømhandel?

Trygg Strømhandel er ei sertifiseringsordning for den norske straumbransjen. Det er bransjeorganisasjonane Energi Norge og Distriktsenergi som har teke initiativ til ordninga som blir administrert av DNV GL (Det Norske Veritas).