Personvernerklæring
Siste versjon: 05.11.2021
Wattn AS
Wattn AS er ein kundenær og innovativ energiaktør som tilbyr framtidsretta og berekraftige løysingar. For å kunne levere framtidsretta tenester til deg knytt til f.eks. app/Mi side, smart straumforbruk, faktura, kundedialog, marknadsføring og kommunikasjon, vil det vere behov for å behandle personopplysningar.
Personopplysningar er alle opplysningane som kan knytast til deg som enkeltperson. Det er viktig for oss at personopplysningane dine og din personlege integritet vert beskytta, og at vi behandlar informasjon som vi har om deg på ein lovleg og transparent måte i tråd med personvernreglementet. I denne personvernerklæringa får du informasjon om kva personopplysningar vi behandlar for å levere dei produkt og tenester som vi tilbyr.
Denne personvernerklæringa inneheld informasjon du har krav på når det vert samla inn personopplysningar ved leveranse av produkt og tenester gjennom nettsidene våre og appen vår, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine.
Personvernerklæring
1. Behandlingsansvar
Wattn AS, ved verksemda sin øvste leiar, har ansvar for behandling av personopplysningar knytt til leveranse av dei produkter og tenester som selskapet tilbyr.
Personvernet ditt er viktig, og vi ønsker å ta godt vare på deg som kunde og personopplysningane dine gjennom å til ei kvar tid følgje gjeldande personvernlovgiving. Personvernerklæringa du finn her, beskriv korleis vi brukar og beskyttar personopplysningane dine, samt ansvarsforhold knytt til handtering av personopplysningar. Du finner informasjon om kvifor, korleis og kor lenge vi behandlar personopplysningane dine. I tillegg beskriv den rettigheitene dine knytt til personvern.
Personvernerklæringa vår vert oppdatert her på wattn.no og i appen vår slik at du som kunde til ei kvar tid skal ha oversikt over korleis vi behandlar personopplysningar. Ved betydelege endringar vil du som kunde få direkte beskjed om dette.2. Kva personopplysningar behandlar vi?
For å levere tenestene du har bestilt, må vi ha tilstrekkeleg med informasjon om deg. Kva opplysningar som behandlast avhenger av kva avtaler du har inngått med oss, henvendelsar vi har motteke frå deg og opplysningar som du eksplisitt har gitt samtykke til at vi kan behandle.
Følgande opplysningar vil normalt behandlast av oss:
Identifikasjonsopplysningar
Eksempel: Namn, fødselsnummer, kundenummer, kontaktpersonar (f.eks. verje), bankkontonummer. Disse opplysningane vert henta primært frå deg som kunde, men kan også bli henta frå register som Folkeregisteret, Bisnode osv.
Kontaktinformasjon
Eksempel: Adresser, epostadresse, telefonnummer. Disse opplysningane vert henta primært frå deg som kunde, men kan også bli henta frå register som Folkeregisteret, Bisnode osv. For potensielle kundar vert opplysningane henta frå informasjonstenester.
Anleggsdata
Eksempel: Anleggsadresse, målarnummer, målepunkt-ID, måleverdiar, komponentar/utstyr med unikt nummer. Desse opplysningane vert henta frå ELHUB, eventuelt underleverandørar sine system ved kjøp av smarte komponentar.
Kundegenererte data
Eksempel: Informasjon om bruk av tenester, forbruk, forbruksmønster, betalingsmønster, informasjon som vert lagt igjen på wattn.no, kundedialog. Disse opplysningane vert henta frå ELHUB eventuelt underleverandørar sine system ved kjøp av smarte komponentar, kundeinformasjonssystemet vårt og selskap som leverer innfordringstenester.
Kommunikasjonsinnstillinger
Eksempel: Preferansar du som kunde har sett for f.eks. marknadsføring, pushvarsling, kommunikasjonskanalar. Desse opplysningane vert henta frå deg som kunde.3. Korleis brukar vi personopplysningane?
Vi støttar oss på avtale, samtykke og rettkomen interesse som behandlingsgrunnlag for tenestene våre.
Administrere kundeforholdet
For å administrere og levere produkt og tenester du har bestilt, nyttar vi Identifikasjonsopplysningar, Kontaktinformasjon og Anleggsdata. Ved bruk av produkt og tenester vil Kundegenererte data og Kommunikasjonsinnstillingar bli nytta for å forvalte kundeforholdet, for bestilling av tilleggstenester, for endring av eksisterande avtaler, samt for opphøyr av kundeforholdet. Den enkelte kunde vert sett på som eksisterande kunde inntil leveranse av tenester er opphøyret og sluttfaktura for motteke tenester er betalt.
Avrekning og fakturering
For å kunne fakturere og innfordre (herunder inkasso) medgåtte kostnadar ut frå avtalt pris, forbruk og betalingsavtale, brukar vi Anleggsdata for å hente inn målerverdiar og Kundegenererte data for å hente inn eventuelt forbruk knytt til andre tenester.
Teknisk drift og kundestøtte
For å kunne varsle deg som kunde proaktivt om feil og forslag til løysing, feilsøk og retting av tekniske feil, prisvarsel, kundeservice, generell kundekommunikasjon, brukar vi Identifikasjonsopplysningar, Kontaktinformasjon og Anleggsdata. Same opplysningar brukar vi ved bestilling av smarte einingar for å kople desse samen med aktuelle tilleggstenester.
Marknadsføring
For marknadsføringsaktivitetar nyttar vi Kontaktinformasjon. Kontaktinformasjon vert også nytta for å tilby fordelar til kundar.
Internt forbedringsarbeid
Kundegenererte data vil kunne bli brukt for analyse og innsiktsarbeid (statistiske analyser, utredningar og forskningslignande metodar) for å få innsikt/kunnskap og erfaringar for å kunne gjere forbetringar av for eksempel eigne prosessar, kundeopplevelsar, kundereiser, teneste- og leveransekvalitet mv.4. Kven delar vi personopplysningar med?
Vi delar kun nødvendige personopplysningar med våre aktuelle tenesteleverandørar for å kunne levere avtalte produkter og tenester til deg. Når vi gir tredjeparter tilgang til personopplysningar på denne måten, sikrar vi at desse tredjepartane overhelt våre krav til behandling av personopplysningar og gjeldande lovgivning. I desse tilfella inngår vi eigne databehandleravtaler som tar ivare personvernet ditt og sikrar at opplysningane blir brukt til det formålet som er avtalt. Eksempel er inkassobyråer og leverandør av elbilladarar.
Som straumleverandør er vi forplikta til å utveksle og innhente informasjon med Statnett sitt sentrale IT-system, ELHUB. I ELHUB vert kraftmarknadsprosessane koordinert for straumsal, inn- og utflytting, opphøyr samt innhenting av forbruk, dvs. måleverdiar.
Merk at vi aldri vil dele personopplysningane dine med ein tredjepart utan at vi har ein rettkomen interesse til dette, vi har samtykket ditt, eller overføringa er nødvendig for å oppfylle avtalen vår med deg. Personopplysningar kan også bli utlevert dersom det foreligger lovhjemmel for dette eller vi blir pålagt dette av ein domstol eller annan offentleg myndigheit (eksempelvis Skatteetaten).
Vi kan videre gi tredjepartar tilgang til akkumulerte og anonymiserte data som ikkje kan bli spora tilbake til deg.
Du skal alltid føle deg trygg på at vi ønsker å ta i vare personvernet ditt når du oppgir personopplysningane dine til oss, eller vi samarbeidar med andre aktørar.5. Kor lenge beheld vi personopplysningar om deg?
Vi behandlar kun opplysningane om deg så lenge det er nødvendig for å oppnå formålet med behandlinga. Opplysningane blir så sletta, med mindre vi i henhold til lov er pliktige til å fortsatt ta vare på opplysningane. Vi kan i visse situasjonar vere lovpålagt å oppbevare personopplysningar.
Vi slettar eller avidentifiserer personopplysningar når dei ikkje lenger er nødvendige til det formålet dei blei henta inn for. Vi beheld ikkje dei personlege detaljane og transaksjonsdataene dine lenger enn angitt i tabellen under:Bokføringslova inntil 6 år Foreldelseslova inntil 13 år Forskrift om kraftomsetning og nettenester inntil 3 år Skatteforvaltningslova inntil 10 år 6. Korleis beskyttar vi personopplysningar om deg?
Wattn tek i bruk tekniske og organisatoriske sikkerheitstiltak som beskyttar personopplysningane dine mot misbruk, tap eller lekkasje.
For å sikre oss at behandlinga av personopplysningar skjer på ein sikker måte, er det kun spesielt godkjente personar hos oss som har tilgang til informasjonen du gir oss. Det er kun tilsette som har behov for slik godkjenning som har tilgang, og vi gir tilsette detaljerte instruksar om korleis personopplysningar skal bli behandla.
I tilfelle der vi brukar underleverandørar som behandlar personopplysningar på vegne av oss, teiknar vi eigne databehandlaravtaler som sikrar at personopplysningane blir behandla på ein trygg måte.7. Kvar oppbevara og behandla vi dine personopplysningar?
Personopplysningane vi behandlar vert lagra på server som er lokalisert innanfor EU/EØS. I dag ser ein på dette som ein trygg og tilfredsstillande lagring av opplysningane dine, då alle EU/EØS-statar er forplikta til å møte krava i GDPR og dermed sikrar eit minimum av personvern. Vi sender ikkje personopplysningar til land utanfor EU/EØS .
8 Kva er rettigheitene dine?
Innsyn i personopplysningane dine:
Du har rett til å få informasjon om kva personopplysningar vi behandlar og korleis vi behandlar dei. Ein god del av den informasjonen vi har om deg som kunde, får du oversikt over på wattn.no, Mi side og i Wattn kundeapp. Du har også rett til å be om ein kopi av personopplysningane vi behandlar om deg.
Retting av personopplysningar
Det er viktig at opplysningane vi har om deg er riktige. Dette er nødvendig for å iverksetje avtalene vi har inngått med deg og for å gi deg god service. Du kan krevje at vi rettar og slettar opplysningar om deg dersom dei er mangelfulle eller unødvendige.
Sletting av personopplysningar
Dersom du protesterar mot behandlinga av personopplysningane dine, eller du trekkjer tilbake samtykket ditt, vil informasjon som vi har lagra om deg bli sletta under den forutsetning at vi ikkje har anna grunnlag for å behalde desse. Dersom du ønsker personopplysningane dine sletta under andre høve, kan du enkelt rette ein henvendelse til oss om dette.
Avgensing av behandling av personopplysningar
Du kan be om at vi begrensar bruken av personopplysningane dine.
Dataportabilitet/Overføring av personopplysningar
Du kan be om at opplysningane dine vert ført over til deg eller til anna verksemd i eit strukturert, alminneleg anvendt og maskinlesbart format.
Rett til å trekkje tilbake samtykke
Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ditt om at vi kan lagre og behandle personopplysningane dine, der slikt samtykke er gitt.
Rett til å protestere
Du har rett til å protestere mot behandling som skjer på grunnlag av en berettiga interesse. Vi kan avvise førespurnaden dersom vi har ein tvingande grunn til å fortsette behandlinga.
Rett til å avgrense behandlinga
På visse vilkår har du rett til å be om at behandlinga vert avgrensa.
Rett til å reservere deg mot marknadsføring
Du kan reservere deg mot å motta marknadsføring frå oss. Dette gjeld både elektronisk marknadsføring, kundeundersøkingar, og marknadsføring som skjer over telefon og post. Som regel kan du gjere dette ved å klikke på lenka nedst i e-postane vi sender deg. Du kan også kontakte oss gjennom kundeservice eller på kontaktopplysningane du finn i punkt 12.
Ver merksam på at alle rettigheitene er gjenstand for noko avgrensingar som følgje av lov.9. Automatisert beslutningsprosess
Bruk av automatiserte beslutningsprosessar med vesentleg verknad for deg vil kun bli utfør med grunnlag i lov, dersom det er nødvendig for å oppfylle ei avtale med deg, eller dersom du har gitt samtykke.
Vi vil informere deg om automatiske beslutningsprosessar på førehand gjennom avtalevilkår. Du har rett til å bestride beslutningar som utelukkande er basert på automatisert behandling, og be om en manuell beslutningsprosess.10. Korleis brukar vi informasjonskapslar og liknande teknologiar?
Cookies (informasjonskapslar):
Informasjonskapslar, eller cookies som dei ofte omtalast som, er små tekstfiler som inneheld ei lita mengde informasjon som ein nettstad kan sjå. På wattn.no brukar vi informasjonskapslar for å samle inn informasjon om bruksmønstre slik at vi kan tilpasse og forbetre brukaropplevinga.
Du kan justere innstillingane i nettlesaren din, dersom du ønsker å avvise bruken av cookies. Gjer du dette må du vere merksam på at www.wattn.no kanskje ikkje fungerar som forventa. Ingen personopplysningar vert lagra i informasjonskapslar på www.wattn.no.
Analyseverktøy:
Vi samlar inn anonyme opplysningar om besøkande på wattn.no gjennom analyseverktøyet Google Analytics og Hotjar. Det gjer vi for å utarbeide statistikk som vi bruker til å forbetre og vidareutvikle websida. Statistikken gir oss blant anna svar på: kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstad brukarane kjem frå og kva nettlesar som vert nytta. Vi kan ikkje spore opplysningane tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar vidare informasjon om bruk og trafikk, for eksempel informasjon om innloggingshistorikk, bruks- og navigasjonsmønstre, kva nettsider de besøker, talet på visningar av nettsider og talet på brukarar.
Pikslar:
Ein piksel er ei grafikkfil som inneheld ein unik identifikator i e-postar. I e-post kampanjar og nyhendebrev brukar vi pikslar. Det gir oss moglegheit til å spore kva som eksempelvis er klikka på i kampanjeinnhaldet. Vi har også oversikt over kva nyheitsbrev som vert send til deg, kva som vert opna og kva e-postprogram du brukar.11. Tilsynsmyndigheit og klagerett
Datatilsynet er tilsynsmyndigheit når det gjeld behandling av personopplysningar. Vi oppfordrar deg til alltid å ta kontakt med Wattn først dersom du meinar at rettigheitene dine ikkje er oppfylt. Dersom du ønsker å klage til Datatilsynet, finn du meir informasjon om dette og framgangsmåten for klaging på datatilsynet sine heimesider, datatilsynet.no.
12. Behandlingsansvarleg
Wattn AS er behandlingsansvarleg for personopplysningar knytt til denne personvernerklæringa.
Selskapsnamn: Wattn AS
Organisasjonsnummer: 925 638 153
Forretningsadresse: Retirovegen 4, 6019 Ålesund
Postadresse: Postboks 1500, 6025 Ålesund
Epost: hei@wattn.no
Dersom du har spørsmål vedrørande behandlinga vår av personopplysningar, er du velkommen til å ta kontakt med oss, bruk gjerne kontaktskjemaet her. Ta også kontakt med oss dersom du meinar at vi behandlar personopplysningar om deg urettmessig.