Berekraftsbibliotek
Rapportar, sertifiseringar og retningslinjer i arbeidet vårt.
Etiske retningslinjer
Lojalitet
Medarbeidarar i Wattn AS skal ivareta selskapet sine interesser og bidra til at mål og strategiar vert realisert. Medarbeidarar i Wattn AS skal ta gode etiske val og med det sørge for å bygge eit godt omdømme for selskapet. Medarbeidarar i Wattn AS skal nytte sin kompetanse til å sikre gode prosessar før vedtak vert fatta. Men når vedtaket er fatta, då vert det forventa at ein følgjer det lojalt opp.
Vi oppmodar alle som jobbar i Wattn AS til å være opne om etiske utfordringar og til å støtte medarbeidarar som seier i frå om etiske problemstillingar.
Arbeidsmiljø
Medarbeidarar i Wattn AS skal vise respekt og omtanke for andre og arbeide aktivt for eit godt arbeidsmiljø prega av likeverd og mangfald. Medarbeidarar i Wattn AS skal utføre sine arbeidsoppgåver slik at dei ikkje set eige eller andre sine liv og helse i fare.
Leiarar i Wattn AS har eit særskilt ansvar for å være eit godt forbilde når det gjeld å ivareta reglar for god etisk framferd, og sjå til at andre er kjent med og følgjer reglane.
Økonomisk ansvar og interessekonfliktar
I Wattn AS skal vi alltid opptre på ein måte som gjer at integriteten og truverdet vårt ikkje skal kunne trekkast i tvil. Medarbeidarar i Wattn AS skal ikkje bruke stillinga si til personleg vinning. Medarbeidarar skal ikkje tilby eller ta imot godtgjersle, tenester, provisjonar eller andre fordelar som kan bidra til uheldige bindingar i eit forretningsmessig forhold.
Medarbeidarar som er part i ei sak, eller er i nær familie eller har nært vennskap med ein som er part, skal ikkje påverke eller avgjere ei sak med økonomiske konsekvensar i Wattn AS. Er du i tvil, ta kontakt med din næraste leiar.
Wattn AS har nulltoleranse når det gjelder korrupsjon.
Gåver og sosiale arrangement
Medarbeidarar skal ikkje tilby eller ta imot gåver eller delta på arrangement som er eigna til å påverke objektiviteten og uavhengigheita til våre forretningspartnarar.
Medarbeidaren skal alltid avklare med sin næraste leiar om ein skal delta på arrangement hos sine forretningspartnarar. Reiser og overnatting skal normalt dekkast av Wattn AS.
Wattn AS sine arrangement, der vi inviterer kundar, leverandørar og offentlege tenestepersonar, skal være innanfor rammene av Wattn AS sitt etiske regelverk.
Annan verksemd
Medarbeidarar skal ikkje ha anna arbeid eller drive privat næringsverksemd som er av eit slikt omfang at det kan gå utover arbeidet i Wattn AS.
Styreverv, der ein ikkje representerer Wattn AS, skal alltid godkjennast av AD. Dette gjeld normalt ikkje frivillige organisasjonar.
Bruk av utstyr og eigendelar
Medarbeidarar som bruker Wattn AS sitt utstyr og eigendelar i arbeidet må bruke det med varsemd og i trå med retningslinjer/instruksar.
Medarbeidarane skal utføre arbeidet sitt i samsvar med retningslinjer / instruksar som gjeld for arbeidet. Den enkelte medarbeidar skal vidare bruke nødvendig verneutstyr, vise aktsemd og elles medverke til å hindre ulukker og helseskadar.
Medarbeidarar skal ikkje bruke Wattn AS sine IT-system til aktivitetar som strid mot norsk lov, eller som kan oppfattast uetisk eller støttande.
Privat bruk av Wattn AS sitt utstyr og eigendelar skal vere avklart, brukast med varsemd og i samsvar med retningslinjer. Medarbeidaren er sjølv ansvarleg for utstyret ein låner.
Informasjon til media.
Uttalar til media skal skje i samsvar med Wattn AS sine retningslinjer for informasjon til media. Det vil seie at før opplysningar vert gjevne, må det vere klart at det ikkje er i strid med lover og retningslinjer.
- Uttalar til media om saker av “fagleg” karakter skal gjevast av medarbeidarar som har fagkunnskap og som i trå med retningslinjene kan uttale seg til media.
- Uttaler til media om saker av prinsipiell eller politisk karakter skal berre gjevast av adm.direktør eller styreleiar.
- Wattn AS sine styresaker ikkje offentlege. Informasjon til media skal difor gjevast av adm.direktør eller styreleiar.
- Medarbeidarar som har tilgang til styresakene har ikkje høve til å bringe vidare til uvedkomande denne informasjonen.
Medarbeidarane pliktar å teie om alle forhold som gjeld drift eller forretningsforhold samt personalopplysningar som vedkomande har fått kjennskap til i samband med arbeidet. Alle tilsette i Wattn AS må signere erklæring om teieplikt.
Regler for god kommunikasjon
I Wattn AS så vert det forventa at all informasjon og kommunikasjon, internt og eksternt, skal være profesjonell og bidra til å skape gode relasjonar og godt omdømme.
Medarbeidarane skal ikkje bruke Wattn AS sine kommunikasjonskanalar til negativ omtale av kundar, forretningsforbindelsar eller medarbeidarar, eller på annan måte som er i strid med selskapet sine etiske regler.
Mobbing, trakassering og diskriminering
I Wattn AS er respekt og likeverd sjølvsagt og der er ikkje aksept for mobbing, trakassering og diskriminering. Alle plikter å seie i frå om dette og slike forhold skal følgjast opp umiddelbart med dei det gjeld.Rusmiddel
Wattn AS er en rusfri arbeidsplass. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel i samband med arbeidet er å sjå på som oppseiingsgrunn. Unntak kan gjerast dersom ein vel å delta i behandlings- og ettervernopplegget.Ved særskilde arrangement for kundar, leverandørar og medarbeidarar, kan det i regi Wattn AS serverast avgrensa mengder alkohol når det er oppfatta som passande.
MenneskerettarWattn respekterer og etterlever internasjonale anerkjende menneskerettar, definert i FNs menneskerettserklæring, FNs konvensjon om sivile og politiske rettar og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Vidare legg vi ILOs 8 kjernekonvensjonar til grunn for arbeidet vårt.
Wattn gjennomfører varsemdvurderingar for å kartleggje, førebyggje og handtere risiko i verksemda vår, leverandørkjede og gjennom samarbeidspartnarane våre. Vi gjennomfører varsemdvurderingar i samsvar med OECDs retningslinjer og FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP). Sjå meir informasjon om dette i etiske retningslinjer for leverandørar.
Etiske retningslinjer for leverandører
1. Innleiing
Wattn vil bidra til ei berekraftig utvikling for miljø, menneske og artsmangfald. Når vi omtaler «berekraft» i dette dokumentet betyr det kravet til både miljø og klima, menneskerettar og sosiale forhold, og verksemdsstyring.
Forankringa vår i lokalmiljøet er ein viktig del av den lokale verdiskapinga og vi ønskjer å bidra positivt til samfunnet rundt oss. Berekraft og føre-var prinsippet er sentrale og avgjerande delar av verksemda vår. Wattn sine etiske retningslinjer for leverandørar er eit verktøy for å sikre at vi sjølv og leverandørane våre, underleverandørar og forretningspartnarar respekterer grunnleggjande krav til berekraft.
Dersom du som tilsett, leverandør eller samarbeidspartnar opplever brot på desse retningslinjene, kan du ta kontakt via varsel@wattn.no. Ingen som varslar vil bli utsett for represaliar. Sjå punkt 6 «Misleghald og varsling» for meir informasjon.
Administrerande direktør i Wattn har det overordna ansvaret for at vilkåra i etiske retningslinjer for leverandørar blir overhaldne.
2. Bruksområde
Desse retningslinjene inneheld både retningslinjer for Wattn sine interne innkjøpsprosess og vilkår som skal vere ein del avtalane vi inngår med leverandørane våre. I tillegg har Wattn etablert «Etiske retningslinjer» for tilsette som ligg offentleg tilgjengeleg på nettsidene våre.
Desse retningslinjene gjeld for leverandørar og samarbeidspartnarar. Retningslinjene er ein del av opplæring for alle tilsette, og er del av alle standardkontraktar. Leiarar i Wattn har eit særskilt ansvar for å formidle og sikre etterleving av retningslinjene, både i den daglege drifta vår og ved inngåing av kontraktar.
Innkjøp skal også skje i samsvar med Wattn sine etiske retningslinjer. Alle som er involverte i ein innkjøpsprosess skal til kvar tid vurdere habiliteten sin, ref. «Etiske retningslinjer».
Retningslinjene og vilkåra beskrive i dette dokumentet gjeld både avtalar om innkjøp av varer og tenester til Wattn sitt interne bruk, innkjøp varer og tenester som skal vidareformidlast til Wattn sine kundar og avtaler om leasing eller leie.
3. Interne retningslinjer for berekraft og etikk i innkjøp
Wattn sine prosessar for innkjøp skal vere samsvar med gjeldande norske lovar og reglar. I tillegg ønskjer vi som selskap å gå lengre når det gjeld berekraft.
Wattn skal velje produkt og tenester som bidreg til at Wattn, leverandørane våre og kundane våre blir meir berekraftige. Levetida og livssyklusen av heile produktet skal takast med i vurderinga. Dersom praktisk mogleg skal det liggje føre ein full LCA før endeleg avgjerd blir teken i val av leverandør.
«Miljø og berekraft» skal alltid vere ein del av tildelingskriteria når ein kontrakt skal inngåast og skal telje minst 30% i totalvurderinga. Det skal gjerast ei heilskapleg vurdering i det enkelte tilfellet.
- Følgjande skal telje positivt i vurderinga av om tildelingskriteriet «miljø og berekraft» er oppfylt:
- Eit produkt er merkt med Svanemerke, Fairtrade, EU Ecolabel
- Leverandør har eit system for miljøleiing (ISO14001, EMAS eller Miljøfyrtårn)
- Leverandøren rapporterer årleg på berekraft etter ein anerkjend standard, slik som Miljøfyrtårn, GRI, CDP osb.
- Leverandøren har etablert Science Based Target (SBTi)
- Leverandøren har ein berekraftsstrategi med mål, tiltak og kvantifiserbare KPI-ar.
- Leverandøren dokumenterer produkts miljø- og klimaavtrykk ved EPD.
- Leverandøren dokumenterer arbeidet med varsemdvurderingar (risikokartlegging) for det aktuelle innkjøpet.
- Innkjøpsprosessen skal dokumenterast skriftleg, vere sporbar og etterprøvbar.
4. Vilkår i leverandøravtalarAvtalen om kjøp av varer og/eller tenester inngått mellom Wattn og leverandøren, blir omtalt frå no av som «Leverandøravtalen».
4.1 Ansvar
Wattn sine leverandørar skal lojalt oppfylle krava i desse vilkåra. Dersom Leverandøren bruker underleverandørar for å oppfylle forpliktingane sine til Wattn skal leverandøren sjå til at underleverandørane også oppfyller vilkåra. Leverandøren skal også jobbe for at krava blir oppfylte av andre verksemder som er ein del av verdikjeda i Leverandøravtalen.
Der internasjonale konvensjonar, nasjonal lovgiving og desse retningslinjene omhandlar same tema, skal den høgaste standarden alltid gjelde.
Leverandørar oppførte på Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) lista si for utestenging av selskap eller Verdsbankens Debarmentlist kan bli avvist frå deltaking i alle konkurransar om ein leveranse.
Wattn pliktar å orientere leverandørar og samarbeidspartnarar ved eventuelle endringar i desse retningslinjene.
4.2 Datatryggleik
Leverandøren skal dokumentere at dei oppfyller nasjonale og internasjonale krav til personvern og datatryggleik, eksempelvis gjennom ein datahandteringsplan.
4.3 Etisk forretningsdrift
Wattn tolererer inga form for korrupsjon, bestikkingar, underslag eller konkurransesamarbeid.
Leverandøren skal ta aktivt avstand frå kvitvasking og svart arbeid, og ta nødvendig sikringstiltak for å unngå dette. Leverandørane våre skal unngå handelspartnarar som har aktivitetar i land som er pålagd handelsboikott av FN og/eller norske styresmakter.
4.4 Grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
Leverandøren skal gjennomføre varsemdvurderingar (risikokartleggingar) i tråd med etablerte prinsipp (OECDs retningslinjer og FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar). Dette betyr å kartleggje, førebyggje, avgrense og gjere greie for korleis dei handterer eksisterande og potensielle negative konsekvensar av verksemda si. Dette skal gjerast for å sikre at det ikkje skjer brot på grunnleggjande menneskerettar og grunnleggjande rettar om arbeidsforhold i samband med leveransen under Leverandøravtalen. Under dette, men ikkje avgrensa til, skal Leverandøren arbeide systematisk for å sikre at det ikkje skjer brot på følgjande internasjonale konvensjonar:
- ILOs kjernekonvensjonar om tvangsarbeid, barnearbeid, diskriminering, fagforeiningsrettar og retten til kollektive forhandlingar: nr. 29, 87, 98, 100, 105, 111, 138 og 182. Der konvensjon 87 og 98 er avgrensa ved nasjonal lov skal arbeidsgivaren leggje til rette for, og ikkje hindre alternative mekanismar for fri og uavhengig organisering og forhandling.
- ILO-konvensjon nr. 155 (1981) om tryggleik, helse og arbeidsmiljøet, og tilhøyrande protokoll (2002) og ILO C190 (2019) mot vald og trakassering på arbeidsplassen.
- ILO-konvensjon nr. 135 (1971) om vern av arbeidstakarrepresentantar i føretaka og høvet deira til å utøve verksemda si
- ILO-konvensjon nr. 169 (1989) om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.
- FNs barnekonvensjon
- FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (1966).
- FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (1966)
- FNs kvinnekonvensjon
- FNs konvensjon mot rasediskriminering (ICERD)
Leverandøren skal sikre at det ikkje skjer brot på arbeidsmiljølovgivinga i produksjonsland som inngår i leveransen under Leverandøravtalen.
Av særlege relevante forhold blir framheva:
- Lønns- og arbeidstidsreglar
- Helse, miljø og tryggleik
- Reglar om tilsetjingsforhold, inklusive arbeidskontraktar
- Lovfesta forsikringar og sosiale ordningar
Dersom det kjem fram at brot har funne stad skal leverandøren setje i verk mildnande tiltak.
4.5 Miljø og klima
Leverandøren skal overhalde nasjonale og internasjonale miljølovgiving og -reguleringar og framme ansvarleg miljøarbeid i tråd med føre var-prinsippet og anerkjende rammeverk som eksempelvis OECDs retningslinjer.
4.5.1 Løpande avtalar og avtaler av stor verdi
For avtalar med Wattn sine faste leverandørar (kvar det blir inngått avtalar meir enn ein gong i kvartalet) og for løpande avtalar med varigheit over eitt år og med ein samla verdi på over NOK 1 .000. 000 gjeld følgjande:
Leverandøren skal jobbe for å redusere klimagassutsleppa sine i tråd med Parisavtalens mål om å avgrense global oppvarming til maksimum 1,5 gradar og godt under 2 gradar.
Leverandøren skal ha oversikt over klimagassutsleppa sine og rapportere dei ihht GHG-protokollen. Leverandøren skal ha mål og tiltak for å redusere utsleppa sine, og status skal rapporterast årleg til Wattn. Mål og tiltak skal basere seg på prinsippa til «Science Based Target Intivative (SBTi)», under dette prinsippet om at utsleppsreduksjonar skal prioriterast framfor kompensasjonstiltak.
Partane avtaler ein prosedyre for oppfølging av klimaarbeidet, basert på modnadsnivået til leverandøren. Store leverandørar med ein samla verdi på over 5 millionar per år skal lage ein framdriftsplan for tiltak som er nødvendige for å kunne få klimamål- og tiltak verifisert av SBTi. I dialog med Wattn skal det setjast ein frist for når leverandøren skal søkje SBTi og starte verifieringsprosessen.
4.5.2 Alle avtaler
Leverandøren ha ein ansvarleg miljøpolicy som adresserer vesentlege berekraftstema som klimagassutslepp, naturmangfald, berekraftig ressursuttak og miljøutslepp. Policyen skal beskrive mål og tiltak for å kontinuerleg forbetre miljø- og klimaavtrykket til leverandøren.
Dersom leverandøren ikkje er miljøsertifisert etter eit sertifisert miljøleiingssystem (Miljøfyrtårn, ISO 14001, EMAS o.l.) skal det dokumenterast at ein slik prosess er starta. Leverandøren skal ikkje nytte stoff med potensiale for å gi alvorlege helseeffektar som kreft, mutasjonar, reproduksjonsskadar og andre miljøskadelege stoff.
4.5.3 Unntak
Wattn anerkjenner at det for nokre verksemder kan vere byrdefullt å oppfylle krava i punkt 4.5. Unntak kan derfor avtalast, men likevel ikkje slik at verksemda blir friteken for sitt ansvar for å jobbe for auka berekraft.
Leverandøren skal likevel leggje ein fram ein plan for arbeidet sitt med berekraft. Planen skal godkjennast av Wattn.
5. Oppfølging og revisjon
Leverandøren skal på førespurnad frå Wattn skriftleg dokumentere korleis han sjølv og dens underleverandørar og andre selskap som inngår i verdikjeda til leverandøren for leveranse av varer og tenester under Leverandøravtalen arbeider for å etterleve krava i desse vilkåra.
Leverandøren skal lojalt medverke dersom Wattn vil revidere korleis leverandøren, dens underleverandørar eller andre selskap som inngår i verdikjeda til leverandøren for leveranse av varer og tenester oppfyller krava i desse etiske retningslinjene for leverandørar.
Leverandøren skal mellom anna stille til rådvelde ressursar som er nødvendige for at Wattn skal gjennomføre revisjonen, formidle kontaktopplysningar til underleverandørar og andre selskap i verdikjeda, hjelpe til med å formidle kontakt og elles gi Wattn innsyn i opplysningar som er nødvendig for at Wattn skal kunne utføre revisjonen.
Kvar av partane skal dekkje eigne kostnader i samband med oppfølging og revisjon.
6. Misleghald og varsling
Dersom tilsette, samarbeidspartnarar eller leverandørar registrerer manglande etterleving av desse retningslinjene finst det eksterne og uavhengige varslingskanalar som kan nyttast av tilsette, og dessutan eksterne aktørar. Ingen som varslar skal bli utsett for represaliar.
Tilsette varslar gjennom etablerte interne varslingskanalar (sjå «Etiske retningslinjer»). Eksterne varslar blir registrerte via varsel@wattn.no.
Leverandøren skal utan ugrunna opphald varsle Wattn ved brot eller mistanke om brot på desse vilkåra, anten det gjeld i leverandøren si eiga verksemd, underleverandørar eller andre i verdikjeda til leverandøren.
Brot på vilkåra blir rekna som eit misleghald av Leverandøravtalen. Leverandøren skal rette misleghaldet etter ein frist og på ein måte som blir avtalt mellom Leverandøren og Wattn.
Gjentekne brot på etiske retningslinjer for leverandørar blir rekna som vesentleg misleghald av Leverandøravtalen. Sjå standardvilkår for inngåande informasjon om handtering av manglar og eventuelle kontraktsbrot.Klimarekneskap
Kommunikasjonspolicy Wattn
Visjonen vår seier at vi skal begeistre gjennom forenkling og innsikt. Dette saman med våre verdiar energisk, utforskande og på lag og Wattn sin ambisjon om å vere ein pådrivar for energieffektivisering og klimasmart straumproduksjon og –forbruk, legg klare føringar for all kommunikasjon i og frå Wattn.
Kommunikasjon er eit strategisk verkemiddel for å realisere Wattn sin overordna strategi og mål. Gjennom tydeleg og god kommunikasjon skal vi sikre at alle målgruppene våre får eit heilskapleg og rett bilete av verksemda vår, kompetanse og posisjon.
Kommunikasjonspolicyen er førande for alle tilsette og gjeld alt kommunikasjonsarbeid, eksempelvis marknadskommunikasjon og – materiell, kundedialog, produktkommunikasjon og kommunikasjon med eksterne interessentar som mellom anna pressa. Den definerer mål, gir klare føringar for utforming og formidling, og gjer tydeleg ansvar og roller i kommunikasjonsarbeidet.
Kommunikasjonspolicyen er vedteken av administrerande direktør, Bjarne Dybvik 30.08.23.
Hovudmål
Styrke vår posisjon.
Kommunikasjonen vår skal bidra til å auke merkekjennskap og tillit til Wattn. Vi skal vere transparente, opne og heile tida tenkje forenkling i alt vi gjer og kommuniserer.
Den føretrekte straumleverandøren.
Kommunikasjonen vår skal bidra til å halde Wattn relevant og bidra til at vi blir valde som leverandør.
Godt omdømme.
Kommunikasjonen vår skal bidra til at Wattn skaper og beheld eit godt omdømme.
Tilfredse og informerte tilsette.
Kommunikasjonen vår skal skape tilhøyrsel og skape stoltheit.
Føringar
Kommunikasjonen skal vere ærleg og transparent. Vi skal vere til å stole på. Inga lita skrift eller skjult dagsorden.
Kommunikasjon skal vere enkel og tydeleg. Rett på sak, ingen lange utgreiingar eller vanskeleg språk.
Kommunikasjonen skal vere relevant og gi verdi. Forenkle ein kompleks marknad gjennom deling av kunnskap og kompetanse.
Kommunikasjon skal vere personleg. Vi skal snakke med, ikkje til.
Kommunikasjon skal ha glimt i auge. Vi skal gi rom for å leike med tekst når høvet er rett.
Produkta våre kommuniserer i seg sjølve: dei skal alltid bidra til reell verdi og dei skal kunne forenkle kvardagen til folk flest.
Kanalar
Denne policyen gjeld alle kanalar. Wattn skal hovudsakleg nytte digitale kanalar, også i kommunikasjon *en-til-en, der dette er mogleg.
Språk
Wattn har nynorsk som målform. Likevel kan publikum sjølv velje å lese innhald på bokmål i våre største digitale kanalar, som eksempelvis wattn.no.
Roller og ansvar
Administrerande eigar kommunikasjonspolicyen til selskapet og har ansvar for å sikre at all marknads- og produktkommunikasjon står i tråd med ønskt ambisjon for selskapet kommunikasjon.
Presse og media:
Det er avgrensa kven som skal uttale seg på vegner av Wattn i media for å sikre at vi verkar einskapleg.
Tilsette skal ikkje uttale seg til media, så sant dei ikkje får direkte spørsmål om eigen situasjon eller arbeidsstad. Alle har rett til å uttale seg som privatpersonar, likevel er det forventa at alle medarbeidarar er lojale og står fram som gode ambassadørar.
Presseansvarleg i Wattn har oversikt over talspersonar for dei ulike fagområda, og viser media til rett person.
- Administrerande direktør uttaler seg i saker av overordna og politisk karakter.- Fagansvarleg har ansvar for å uttale seg innanfor sine fagområde.
- Marknadsavdelinga er rådgivar, tilretteleggjar og støttespelar for leiing og fagmiljø og formar ut og godkjenner pressemeldingar for selskapet.
Wattn har eigen krisekommunikasjonsplan. Denne finst internt under område HR.Miljøfyrtårnsertifisering
Våre kontor blei miljøfyrtårnsertifisert 3. mars 2022.
Organisasjonsfridom
Retten til å organisere seg er ein grunnleggande menneskerett. Artikkel 8 i FNs konvensjon om økonomisk, sosiale og kulturelle rettigheiter slår fast at alle har rett til å danne fagforeiningar og slutte seg til ei fagforeining etter eige val. I arbeidsmiljølova heiter det i §13-1 at direkte og indirekte diskriminering på grunnlag av medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar er forbode.
Ein stor andel av våre tilsette er medlem i ei fagforeining, og det er viktig for oss å ha eit godt samarbeid med desse fagforeiningane.Personvernpolicy
Policy diskriminering
Wattn skal arbeide aktivt og målretta for å fremme likestilling og hindre diskriminering og trakassering.
For å nå målet skal vi:- Etterleve “Lov om likestilling og forbod mot diskriminering”, med fokus på å fremme likestilling og forby diskriminering og trakassering. Forbodet gjelder på grunn av: kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet (blant annet nasjonal opprinnelse, hudfarge og språk), religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, politisk syn, medlemskap i fagforeiningar.
- Sørge for at dette gjeld hele arbeidsforholdet – frå stillinga vert lyst ut til arbeidsforholdet tek slutt.
- Ikkje forskjellsbehandle søkjarar, medarbeidarar eller innleige medarbeidarar utan sakleg og lovleg grunn.
- Innarbeid gode rutinar for alle i selskapet, og jobbe kontinuerleg med forbedringsfokus gjennom avviksrapportering.
- Vurdere resultatet av arbeidet vårt med likestilling og forbod mot diskriminering og trakassering ved å undersøke om det finnes risiko for diskriminering eller andre hindre for likestilling, analysere funn og iverksette eigna tiltak.
Utgreiing Openheitslova
Openheitslova tredde i kraft 1. juli 2022, med første rapportering innan 30. juni 2023. Wattn er underlagt Åpenhetsloven, og rapporterer med dette i samsvar med kravet lova har til forklaring for året 2022 og 2023.
Les heile rapporten for 2022 her.Retningslinjer for kommunikasjon om berekraft
Vår berekraftstrategi skal definere mål og retning for vårt arbeid i åra framover.
Retningslinjer for kommunikasjon om berekraft skal hjelpe oss å synleggjere både ambisjonar, resultat og framgong for alle interessentar. Vi skal også vere ærleg på dei områda der vi ikkje presterer godt nok. Vår kommunikasjon skal vere ærleg, forståeleg og tilgjengeleg.
Vi har prioritert fem fokusområder der vi meiner at vi kan gjere størst forskjell. Kva desse er og kva tiltak vi har satt i gong innanfor desse områda skal vi vere opne om.
Tilgjengeleggjering av informasjon
Vi skal gjere relevant berekraftsinformasjon tilgjengeleg for både kundar, tilsette og andre interessentar. Vi skal kommunisere lettfatteleg og tydeleg. Det skal vere enkelt å finne informasjon om korleis vi jobbar med berekraft.
Produktinformasjonen skal presenterast slik at det er enkelt for kundar å ta berekraftige val. Vår heimeside wattn.no og vår årsrapport vil vere naturlege hovudkjelde til informasjon om kva vi gjer for at vi saman skal nå FN sine berekraftsmål.
Grønvaskingsplakat
Vi har signert grønvaskingsplakaten som er ein veiledar for god og berekraftig kommunikasjon.
Grønvasking er ei form for villedande marknadsføring der eit produkt eller ei verksemd vert framstilt som betre enn det den faktisk er, i forhold til innvirkning på klima, natur, dyr og mennesker. Plakaten er ei rettesnor for små og store versemder som vil unngå grønvasking og bidra positivt til at det grøne skiftet skjer raskare. Les meir om grønvaskingsplakaten her (lenke).I punkta under er forklaringa på korleis vi vil etterleve prinsippa.
Vere ærleg og etterretteleg
Vi skal vere forsiktige med å bruke ord som grøn, berekraftig, resirkulerbar, eco- og rettferdig, utan å samtidig forklare og dokumentere kva vi har gjort eller skal gjere. Vi skal også unngå glansbilde av rein natur, grøne blader, vindmøller i solnedgong eller lykkelege arbeidarar for å framstå meir berekraftig. Naturlig nok skal resultat frå testar og undersøkelsar ikkje tilpassast til eigen fordel.
Pass på at berekraftsarbeidet ikkje bare skjer i kommunikasjons- og marknadsavdelinga
Vårt berekraftsfokus er forankra i vår forretningsstrategi og vi arbeidar for at alle ansatte i selskapet skal ha eit bevisst forhold til berekraft. Det vert utarbeida retningslinjer for korleis vi jobbar med berekraft i produkt og tenesteutvikling samt eksempel på korleis dette vert handtert opp mot våre leverandørar.
Ver varsom med å snakke om viktigheita av berekraft, natur, klima, menneskeverd og etisk handel, dersom ein sjølv ikkje tar reelle grep Vår kommunikasjon skal vere forankra i våre målsettingar og fokusområder.
Unngå å tåkelegge eller underkommunisere eige utslepp og negative avtrykk på klima, natur og mennesker
Vi skal vere transparent i vår kommunikasjon. Der vi fortsatt har ein veg å gå, skal vi kommunisere kva vi gjer for å bli betre.
Ver varsom med å bruke ein stor del av marknadsbudsjettet på små tiltak som ikkje gjer noko med det vesentlege fotavtrykket
Vi forpliktar oss til å bruke mesteparten av vår tid og midlar til å prioritere store langsiktige tiltak framfor å bruke store delar av marknadsbudsjettet til å formidle små gevinstar innanfor berekraftsarbeidet.
Unngå å kjøpe godt samvit gjennom klimakvoter eller ved å la andre plukke plast
Vi jobbar kontinuerleg for å redusere våre eigne utslepp først. Vi vil kvart år sette ned og gjennomføre ei rekke tiltak for at vi skal redusere vårt fotavtrykk. Fram til vi er klimanøytral vil vi kjøpe klimakvoter, men dette er ikkje ei hvilepute og kun ei midlertidig løysing.
Bruk dei etablerte merkeordningane, eller jobb for å etablere gode merkeordningar på tvers av din bransje dersom det manglar
Vi forpliktar oss til å bruke etablerte merkeordningar.
Ver forsiktig med uttrykk som betre for klima, betre for naturen, betre for miljøet osv.
Kommunikasjonen av våre produkt og tenester skal vere transparent og enkle å forstå. Når vi kommunisera om våre initiativ skal vi forklare korleis og kvifor dette er berekraftig, gjennom å vise til resultat. Når vi seier at noko er berekraftig skal vi grunngje dette.
Ver varsom med å marknadsføre verksemder kun på berekraftsmål den er god på
Vi har utarbeidd fokusområder innanfor berekraft der vi meinar vi har størst moglegheit til å påverke. Desse fokusområda er utarbeidd etter ein grundig innsikts- og analyseprosess. Kvart år sett vi opp tiltak for å nå måla som er satt. Vi vil vere open og transparente om vegen vi har å gå
Ver forsiktig med å bruke donasjonar og sponsorat som bevis på at du jobbar med berekraft
Fokuset på berekraft skal gjennomsyre heile vår forretning. Naturlig nok vil våre sponsorat også ha berekraftselement i seg. Men desse sponsorata vil ikkje bli brukt som «bevis» på at vi er opptatt av berekraft. Det at vi er opptatt av berekraft håpar vi vil gjenspegle seg i alt arbeid vi gjer i kjernedrifta av selskapet.Retningslinjer for tenestereiser
Formål
Wattn ønsker å legge til rette for at tenestereiser skjer på ein berekraftig, miljøvennleg, sikker, praktisk og kostnadseffektiv måte for medarbeidarane våre.
Wattn ønsker å legge til rette for stadig auka bruk av videokonferansar internt og eksternt. I tråd med målsettinga om å gå føre som eit godt eksempel for omgjevnadane våre og redusere vårt eige klimaavtrykk på tenestereiser frå referanseåret 2022 med 20 % innan utgangen av 2024, skal tilsette velje klimavennlege møte- og reiseaktivitetar.
Hovudprinsipp
Før vi reiser blir følgande vurderingar gjort
Før alle reiser skal det bli gjort ei vurdering av behovet, både når det gjeld tidsbruk, kostnadar og klimaperspektivet.
Har ein møter på to timar eller mindre må ein alltid vurdere om ein kan erstatte det med eit digitalt møte. Spesielt gjeld dette lange reiser med mellom anna flytransport.
Når vi skal reise blir følgande vurderingar gjort
Møter og gjennomføringstidspunkt bør planleggast med mål om å oppnå kortast mogleg samla reiselengde og reisetid.
Grøn og miljøvennleg transport skal ha førsteprioritet, så langt det er mogleg med omsyn til forsvarleg tidsbruk, praktisk gjennomføring og kostnadseffektivitet.
Der det er praktisk bør ein legge til rette for felleskøyring spesielt ved interne møter/ arrangement.
Planlegge slik at ein kan gjennomføre fleire møter på same reise.
For å redusere risiko i samband med jobbreiser bør ein vurdere å unngå at kritiske funksjonar i selskapet nyttar same transportmiddel.
Etter reisa er gjennomført
Hugs å skrive reiserekning slik at selskapet får registrert reisa og registeret aktiviteten i selskapet
Vurder om reisa kunne vore lagt opp meir effektivt
God tur!Varslingsrutiner
Formål
Formålet med varslingsrutinene er å sikre at arbeidstakaren sin rett til å fremme varsel om kritikkverdige forhold. Arbeidstakaren rett til å varsle er regulert i Arbeidsmiljølova kapittel. 2A.
Kva er kritikkverdige forhold?
Med kritikkverdige forhold meiner vi forhold som er i strid med rettsreglar, etiske retningsliner i selskapet eller etiske normer som det er brei semje om i samfunnet, og som kan medføre:- fare for liv og helse
- fare for klima og miljø
- korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet
- myndigheitsmissbruk
- uforsvarleg arbeidsmiljø
- trakassering og diskriminering
- brot på personopplysningssikkerheita
- vesentleg brot på selskapet sine rutinar for styring og kontroll
- manglande oppfølging av selskapet sine policys og retningslinjer
Ytringar som gjeld arbeidstakarens eige arbeidsforhold vert ikkje rekna som varsling, med mindre dei omhandlar dei punkt som er omtalt ovanfor.
Varslingsrett og -plikt
Arbeidstakarane har både rett og plikt til å varsle om kritikkverdige forhold i selskapet. Plikt til å seie frå gjeld saker som omhandlar:- feil eller mangler som kan føre til fare for liv og helse
- trakassering og diskriminering
- skader og/eller sjukdom som har si årsak i arbeidet eller forhold på arbeidsplassen.
Den som varslar har rett til å varsle anonymt, skriftleg eller munnleg.
Kven kan det varslast til?
Dersom arbeidstakaren oppdagar kritikkverdige forhold skal det varslast. Selskapet sine retningsliner for varsling gir to alternative kanalar:- Varsling i linjen / leiinga (næraste leiar, HR-sjef eller AD)
- Varsling til tillitsvalt/verneombod
Når ein varsler via tillitsvalt eller verneombod så må dei vidareformiddle varselet før arbeidsgivaren si plikt til å følgje slår inn.
Handtering av varsel
Følgjande prinsipp gjeld for handtering av varsling:- Alle varslar skal følgjast opp innan rimeleg tid.
- Anonymitet er mulig
- Alle varslingsmetoder skal følgjast opp likt.
- Varslar skal handsamast konfidensielt
- Varslingssystemet skal kunne brukast utan frykt for konsekvensar
- Varslaren skal få tilbakemelding innan rimeleg tid.
Den som mottek varselet skal normalt informere HR-sjef og/eller AD om saka. Deretter skal ein avklare korleis saka skal følgjast opp. Det skal gjerast ei vurdering av kven som har relevant kompetanse og objektivitet til å følgje opp saka. Fakta må kartleggast ved gjennomgang av dokumentasjon og/eller intervju. Dersom varselet retter seg mot ein bestemt person så skal vedkomande som hovudregel verte gjort kjent med varselet og dei opplysningane som er gitt. Og med det som utgangspunkt få gi eit tilsvar i saka. Oppfølginga av varselet skal dokumenterast skriftleg til det ligg føre ein konklusjon. Partane skal varslast når det ligg føre ein konklusjon i saka. Dersom det vert konkludert med at det har skjedd kritikkverdige fohold, så må arbeidsgivaren ta stilling til alvorligheitsgrada på brotet.
Arbeidsgivaren har også ansvaret for at den som varsler har eit fult forsvarlig arbeidsmiljø både under og etter sakshandsaminga, og om nødvendig sørge for tiltak som hindrar gjengjeldelse.
Vesentlegheitsanalyse
Kva våre interessentar tenker og forventar av Wattn no og i framtida er viktig for oss. God dialog med interessentane gir oss verdifull informasjon og legg eit godt grunnlag for gode avgjersle.
Som ein del av innsikts -og analysearbeidet for vår berekraftsstrategi gjennomførte vi våren 2021 ei vesentlegheitsanalyse. I analysen avdekka vi kva berekraftstema som er viktig for interessentane våre, og som samtidig er viktig for vår evne til langsiktig verdiskaping. Vi har definert våre viktigaste interessentar til å vere følgjande:I tillegg til årleg løpande interessentdialog vil vi kvart tredje år gjennomføre ei strukturert vesentlegheitsanalyse som ein del av vår strategisyklus.
I gjennomføringa av analysen blei det utarbeidd ei spørjeundersøking der ulike tema innan miljø, sosiale forhold og verksemdstyring (ESG) skulle rangerast som viktig, viktigare og viktigast. Kartlegginga blei gjennomført som digitale intervju og spørjeundersøkingar. Vi meiner vi fekk eit godt datagrunnlag med innsikt frå 4036 personar i tillegg til den løpande interessentdialogen.
Basert på ei samla vurdering og kategorisering er følgjande tema definert som dei mest vesentlege for berekraftsarbeidet i Wattn.FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheiter og stoppe klimaendringane innan 2030. Vårt arbeid med innsikt og analyse la naturlegnok grunnlaget for å sjå på kven av desse måla vårt bidrag kan ha størst effekt på. Vi har valt å ha ekstra fokus på tre av måla:
Nr. 7 - Rein energi til alleNr. 12 - Ansvarleg forbruk og produksjon
Nr. 13 - Stoppe klimaendringane
Har du innspel, eller spørsmål?
Vi set stor pris på gode innspel og spørsmål! Så sit du og lurer noko, send ein epost til leiar for berekraft, Elin Hessen på elin.hessen@wattn.no.