

Aktuelt
Bærekraftige bedrifter - fra ord til handling, 2025
Temaet for konferansen var berekraft som styringsverktøy, med fokus på leiing og styret si rolle, samt korleis rapportering kan bidra til å skape meirverdi. Les oppsmmeringa vår av foredraga under.
Vi er inne i ei tid der nokre av våre grunnleggjande verdiar blir sette på prøve. Kanskje du sit og kjenner på at verda går i motsett retning av det du ønskjer? Natur og klimakrisa blir ikkje noko mindre sjølv om USA er ute av Parisavtalen, og bevege seg i retning av ein berekraftig forretningsstrategi er ikkje det motsette av konkurransekraft sjølv om EU firar på rapporteringskrava. Det er viktig at styret og leiinga set fokus og sikrar framtida til bedrifta. Forsking viser nemleg at i 2040 er det 30% av dagens selskap ikkje har livets rett, dei klarer ikkje omstillinga.
Berekraft i styre og leiing, Stine Lise Hattestad Brattsberg
Brattberg Verdener eit skifte. Andelen autokratiske land har auka frå 7% i 2003 til 35% i 2024. 50% av det globale BNP avheng av naturen, men berre 7% av økonomien er sirkulær. 4 av 10 av dei 2000 største selskapa i verda har forplikta seg til å nå netto null innan 2050 – men vi bevegar oss ikkje raskt nok.
Korleis står vi i det vi er i no? Korleis tenkjer vi på berekraft framover? Grunnleggjande er dei som styrer kursen til selskapet, kva verdival tek leiinga og styre? Det verdivala de tek som legg føringar for strategien for selskapet. Det andre er det som påverkar til kvar tid kursen. Klima, natur og miljø pluss inkludering/likestilling går ikkje over av seg sjølv.
Om EUs Omnibussen om eit lette på rapporteringskrava på berekraft går gjennom. Evnar vi å halde oss til planen? EU vil at vi skal bruke ressursane på handling og ikkje drukne i rapportering.
For å lykkast i eit krevjande landskap med å vere «fit for the future» er det 3 strategiske grep som kan tilrådast:
For å lykkast i eit krevjande landskap med å vere «fit for the future» er det tre strategiske grep som kan tilrådast:
1) Stresstest antakingane deira
- Identifiser viktige føresetnader som må stemme for at den noverande strategien din skal lykkast
- Har du noen antagelser med høy innvirkning og høy usikkerhet?
- Juster strategien basert på fakta
2) Utforsk flere framtidsscenarier
- Kartlegg framtidige trendar
- Bygg databaserte scenario
- Planlegg for strategisk uvisse
3) Aktiver «alltid-på-strategi»
«Without purpose that is bigger than yourself, you are more likely to serve only yourself…”.
Løft blikket!
Berekraft i styrerommet, Ingvild Vartdal og Ole-Reinhart Notø
Ingvild og Ole-Reinhart snakka om berekraftsansvaret til styret.
-Corporate Sustainability Reporting Directive er gjennomført i rekneskapslova og førebels er det desse som gjeld
- Auka rapportering og regulering inneber at styret i mykje større grad enn tidlegare er ansvarleg for det arbeidet som blir utført
- Personleg ansvar som kviler på kvar enkelt styremedlem
- Manglande kompetanse fritek ikkje for ansvar, men spesiell kompetanse kan gi skjerpa norm
- Førebels ingen norske avgjerder på kvar terskelen for eit slikt ansvar vil liggje
Erfaringar av verdival, Kistina Giske Dette
er eigentleg eit foredrag de bør sjå og ikkje lese eit referat frå. Engasjementet frå scena blir vanskeleg å attskape i ord. Kristina tok fram sitatet frå Kofi Annan – Framtidsretta selskap treng ikkje vente på reguleringane til styresmaktene for å gjere det rette. Vidare snakka om ho om korleis dei kan for dei er små og kva dei gjer.
Berekraftsrapportering som forretningsmessig driver, Ronny Thomas Jenssen
Tre kapitaldrivarar: Risikoforståing, kundeåtferd og tsunami av regelverk. Dette fordrar at marknadsbalansen fungerer. Det gjer han ikkje akkurat no (eks. konsumenten klarerer ikkje å ta vala for dei har ikkje nok informasjon. Skal dei velje Findus som har reist fleire gonger rundt jorda eller skal dei velje fisk frå Lofoten?).
Tre store ting som blir diskuterte i styrerom no:
1) Det utvida scopet: klimautfordringar/naturrisiko g sirkulærøkonomi. Derfor står bedriftene ovanfor strategiske val. Kva er du som bedrift ein del av problemet og når er vi er del av løysing.
2) Ein må gå frå ein forretningsstrategi til ein berekraftig forretningsstrategi.
3) Compliance – rapporteringsstrategi. Har du under 1000 tilsette kan du frivillig velje om og eventuelt korleis du vil rapportere på berekraft.
Berekraftsrapportering har vore frivillig i årstider. Det er berre CSRD som er pålagd. Det som er nytt er at store selskap berre kan spørje mindre selskap om berekraftsinformasjon det som står i VSME.
Vel du å ta samfunnsansvar?
Det å ta samfunnsansvar handlar om å agere i tråd med Parisavtalen. Målet om netto null i 2050 er ikkje fjerna. Det er berre rapporteringsbyrda som blir fjerna.
Det er no klokskap i leiing skal brukast. Eu Green deal er eit rammeverk som gir konkurransefortrinn. Forsking viser at i 2040 er det 30% av dagens selskap ikkje har livets rett, dei klarer ikkje omstillinga. Green deal er fantastiske verk for omstilling.
I CSRD krevst det at ein gjennomfører ein dobbelt vesentlegheitsanalyse – resultata av denne skal implementerast i strategien og det skal bli ein del av verksemdsstyringa av bedrifta. Dei som får til det, det er dei som lykkast. Uanhengig om du er forplikta til å rapportere i samsvar med CSRD eller ikkje, blir det tilrådd å gjere ein dobbelt vesentlegheitsanalyse.
Tilrådd vegkart til berekraftsrapportering i tråd med CSRD
1) Sørg for at leiinga har kompetanse og eigarskap
2) Dobbelt vesentlegheit
3) Gapanalyse
4) Strategi, mål og planar
5) Planlegg og optimaliser ESG- rapporteringa
6) Taksonomikartlegging og rapportering
7) Internkontroll og attestasjon
8) Overvak regulatorisk utvikling
Korleis berekraftsrapportering skal bidra til å skape meirverdi for Salmon Evolution?
Sjølve grunnen til at Salmon Evolution vart starta var for å vere ein del av løysinga. Å vere med å utvikle norsk lakseproduksjon til å vere meir berekraftig. Som eit resultat av dette har berekraft vore ein del av konkurransefortrinnet til selskapet. Tidleg starta dei med vesentlegheitsanalysar, interessentanalysar og klimarekneskapar. Som gjorde at dei kunne rapportere på berekraft i årsrapporten og også er årsaka til dei har grøne lån i banken.
Sjølv om dei er eit stort børsnotert selskap har dei no falle utanfor scopet for dei som må rapportere på CSRD. Dei kjem til uansett til å rapportere som planlagt.
Korleis berekraftsrapportering skaper meirverdi for dei er at dei god fiskehelse, eit lågare fotavtrykk og sirkulær økonomi som å samle opp slam og bruke dette vidare. Til slutt transparens og det at dei fokuserer på sertifiseringar.
Rapportering på berekraft – kva inneber det i praksis for Tussa, Hans Rogne Strømmen og Arild Høydal
All kraft frå Tussa er fornybar. Tussa gjennomførte ein dobbel vesentlegheitsanalyse hausten 2024. Denne legg grunnlaget for strategi og forretningsmodell. Dei har tre fokusområde som er å stoppe klimaendringane, vareta biodiversitet og økosystem og menneskerettar i verdikjeda.
1) Stoppe klimaendringane
- Her skal dei setje SBT i 2025
- Dei vil ha ein fullverdig klimarekneskap med basisår i 2024
- Dei skal integrere klimavurderingar og handlingar i prosjekts- og innkjøpsprosessar
2) Vareta biodiversitet og økosystem
- Fa 2025 skal dei planleggje og prosjektere alle område etter metodikk med mål om å redusere tap av biomangfald
- Etablere ein omstillingsplan for biomangfald i samsvar med Kunming-Montreal Global Biodiversity rammeverk
3) Vareta menneskerettar
- Kartleggje verdikjeda med særleg vekt på arbeidarars arbeidsforholda og rettane sine
- Stille krav ved alle innkjøp – både dokumentasjon og forpliktingar