Wattn profil gradient blå

Berekraft

Utgreiing rapporteringsåret 2023

Aktsomhetsvurderinger for berekraftig forretningspraksis

Wattn og openheitslova
Anstendig arbeid og respekt for menneskerettigheter i Wattns eiga verksemd og verdikjede.


Introduksjon
Openheitslova tredde i kraft 1. juli 2022. Wattn er underlagt Openhetslova, og rapporterer med dette i samsvar med kravet lova har til forklaring for året 2023. Gjennom 2023/2024 har vi framleis arbeidd med å vidareutvikle arbeidsprosessane og rutinane våre for å sikre at vi følger Openhetslova sine krav og aktsemdsvurderingsprosess, i samsvar med OECDs retningslinjer, FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) og tilhørande rettleiing. Første rapporteringsåret prioriterte vi dei direkte leverandørane våre som vi hadde signert løpande avtalar med. For 2023 har vi utvida omfanget og vil rapportere på leverandørane vi har løpande avtalar med, pluss alle leverandørar der vi handlar for meir enn 500 000 NOK.



Generell informasjon



Om Wattn
Wattn AS er eit straumselskap som er eigd av TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft. Kjerneverksemda vår er sal av straum og energitenester til privat- og næringskundar i Noreg. Vi har åtte kontor langs kysten frå Ålesund i nord og til Kvinnherad i sør. I tillegg til sal av straum, tilbyr vi produkt som elbilladarar, Wattmeter (sanntidsmålar av straumforbruk), sensorar og ulike tenester som eksempelvis energirådgiving, styring etc.


Påverknaden vår
Gjennom etterleving av “Lov om verksemders openheit og arbeid med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold” (openheitslova), skal vi jobbe aktivt for å sikre at vi respekterer grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i eiga verksemd og i leverandørkjeda vår. I 2023 hadde Wattn 327 direkte leverandørar, av desse er det 74 leverandørar vi har løpande kontraktar med og/eller har kjøpt tenester for meir enn ein halv million kroner. Alle dei direkte leverandørane våre er lokaliserte i Skandinavia, men nokre av desse leverandørane kjøper råvarer som kjem frå andre delar av verda.

Kjøp av kraft utgjer den klart største andelen av Wattns anskaffingskostnader. Vi har også leverandørar innanfor IT og system (maskinvare og programvare), eigedom og drift, økonomi, finans og rekneskap, sal og rådgiving under dette mellom anna HR og marknadsføring.



Tilnærminga og rutinene våre
Gjennom «Etiske retningslinjer for leverandørar» og våre interne «Etiske retningslinjer» ønsker vi å fremme ansvarleg forretningspraksis i samsvar med openheitslova. Dei etiske retningslinjene stiller krav til alle tilsette om etisk forretningsdrift, og stadfestar arbeidet vårt med berekraft, under dette menneskerettar og anstendig arbeidsforhold.

Krav om anstendige arbeidsforhold og respekt for menneskerettar er også implementert i rutinane våre for innkjøp. Retningslinjene er gjennomgått i eit fellesmøte for heile organisasjonen, dei ligg tilgjengeleg på wattn.no. Vi har tydelege forventningar til alle leverandørane våre knytt til heile berekraftsspekteret, under dette menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Arbeidet vårt med aktsemdsvurderingar er dynamisk og kontinuerleg. Som eit minimum skal vi gå gjennom status minst ein gong i året, men også fortløpande ved onboarding av nye leverandørar, når vi eventuelt går inn i nye marknader, fusjonerer, oppkjøp av anna verksemd eller om det er sosial uro i område der leverandør eller forretningspartnarar er.


Varslingsrutiner
Alle kan sende inn varsel eller klage på e-postadressa varsel@wattn.no. Informasjon om varslingsrutinane våre er del av dei etiske retningslinjene våre. I tillegg ligg det informasjon tilgjengeleg på nettsidene våre.

Vi oppmodar alle kundar, partnarar og eigne tilsette til alltid å rapportere mistankar om ulovleg eller uetisk åtferd i samband med menneskerettar eller anstendig arbeidsforhold. Ingen som varslar vil bli utsette for represaliar. Denne klageprosedyren skal ikkje brukast til eventuelle kundeklager eller å rapportere saker knytt til konfliktar mellom enkeltpersonar. Avdelinga vår for verksemdsstyring har ansvaret for innhaldet i styrande dokument. Leiar for berekraft har ansvaret for rapportering medan ansvaret for etterleving og oppfølging ligg hos dei ulike rollene som inngår avtalar med kvar enkelt leverandør.



Aktsomhetsvurderingar


Metodisk tilnærming
Det er viktig at vi i Wattn er sikre på at vi sjølv og leverandørane våre driv verksemda slik at ho ikkje er i brot med grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Som nemnt har vi for 2023 vurdert aktsemdsvurderinga av dei leverandørane vi har løpande avtalar med pluss alle leverandørar vi har handla for over femhundredetusen kroner.

Vi baserer oss på OECDs rettleiing for å prioritere og handtere risiko, spesifikt gjennom implementering av OECDs aktsemdsvurderingsmodell. Dette inneber at vi 1) forankrar arbeidet i eiga verksemd, 2) kartlegg og identifiserer risiko, 3) fattar tiltak gjennom å eventuelt stanse, førebygge og redusere skade, 4) overvaker og overvaker, og til slutt 5) kommuniserer arbeidet.

Etter ein innleiande overordna analyse av risikoane, vurderer vi enkelte leverandørar eller særskilde risikoforhold særskilt. Vi prioriterer risiko med utgangspunkt i ei vurdering av følgjande parameter:

- Alvorsgrad (scale): kor alvorleg er potensiale for skade som kan medførast for menneske, samfunn og miljø
- Omfang (scope): kor mange blir ramma av ein eventuell skade? Kor stort er omfanget/konsekvensen for menneske, miljøet og samfunnet rundt.
- Moglegheit for gjenoppretting (irreversibilitet): er det mogleg å gjenopprette skaden dersom han har skjedd?




Kartlegging og identifisert risiko av leverandørkjeda vår
Det andre steget i aktsemdsvurderingsmodellen til OECD handlar om å kartlegge og indentifisere risiko i eiga verksemd, i leverandørkjeda og blant forretningssambanda våre. Vi bruker denne framgangsmåten for å vurdere risiko:

1. Avklarer om vi har gjennomført ei aktsemdsvurdering av leverandøren tidlegare. Dersom dette er tilfelle, kan vi vurdere om den kunnskapen vi allereie har kan brukast.

2.
Overordna risikoanalyse basert på nasjonaliteten til selskapet, lokasjon, bransje, opphavsland for råvarer, om dei har signert etiske retningslinjer, relasjonsgrad og underleverandørar. Analysen er knytt til menneskerettar, anstendig arbeidsforhold og antikorrupsjon. Prosessen stoppar dersom det ikkje blir avdekt vesentleg risiko.

3.
Vi gjer ei ytterleg vurdering av dei leverandørane som har fått middels eller høg score på steg to. Vi innhentar informasjon og dokumentasjon for å kartlegge risikoen ytterlegare. Dette først gjennom ei undersøking, deretter via dialog med den aktuelle parten. Vi gjennomfører ei ny risikovurdering. Får leverandøren status «låg risiko» stoppar prosessen, får den «høg risiko» går vi vidare i prosessen.

4.
Det blir utarbeidd tiltak for å redusere risikoen. Nødvendige ressursar blir involverte, interne og eksterne.

5.
Tiltaka som vart bestemde på steg fire blir gjennomførte. Dei blir målte og dokumenterte slik at vi kan eventuelt justere for å oppnå ønskt effekt.

6. Evaluering og sikring på at tilsvarande handlingar kan unngåast i framtida.


Vurdering av risiko:
For å sikre at vi vurderer risikoane objektivt og korrekt nyttar vi oss av anerkjende kjelder og rapportar. Dei ulike kjeldene talfestar grada av risiko og oppdaterer sine vurderingar årleg. Basert på særleg relevante tema har vi identifisert relevante indeksar for å informere risikokartlegginga, og prioriteringa. Sjå utvalde tema nedanfor som vi har identifisert som relevante basert på verksemda og risikobiletet vårt.

Tema

KjeldeMåler

Menneskerettigheter

Freedom House

Dette er ein amerikansk ikkje-statleg organisasjon som måler grada av demokratisk og politisk fridom og menneskerettar i alle land.

Anstendige arbeidsforhold

International Trade Union Confederation (ITUC)

ITUC er den globale stemma til arbeidstakarane i verda. ITUC har ein Global Rights Index som graderer arbeidsrettar i 139 land baserte på 97 indikatorar.

Antikorrupsjon

Tranparency International

Transparency International har ein korrupsjons indeks der dei rangerer 180 land og territorium. CPI 2022 er berekna ut frå 13 ulike datakjelder frå 12 ulike institusjonar som har målt oppfatta nivå av korrupsjon i den offentlege sektoren dei siste to åra.

Bransjerisiko

United Nation Environment Program Finance Initiative (UNEP)

United Nation Environment Program Finance Initiative har ei oversikt over kartlagde menneskeretts problem I ulike bransjar.




For å kunne gjere vurderingar har vi sett grenseverdiar for dei ulike temaa. Kjeldene vi har valt å bruke har ulike poengskalaer. Eksempelvis har nokon graderingar frå 0 til 100 og andre har frå 0 til 5+. Vi har gjort om graderingane til høg/3, middels/2 og låg/1.



KjeldeVerdi/skalaForklaring
Freedom houseFree, partly free og not freeHos oss får desse verdiane følgande poeng:
Free = låg/1,
Partly free = middels/2
Not free = høg/3
International Trade
Union Confederation (ITUC)
1 til 5+1 = låg/1,
2 og 3 = middels/2
4 til 5+ =høg/3
Trancparency
International
0 til 100<75 = låg/1
50 til 75 = middels/2
75 til 100 = høg/3
United Nation
Environment Program
Finance Initiative
(UNEP) pluss DFØ si
høgrisikoliste
Ingen skalaSubjektiv vurdering basert på info frå UNEP
= låg/1
Subjektiv vurdering basert på info frå UNEP
= middels/2
Står på DFØ-lista = høg/3



I tillegg til desse har vi teke med i vurderinga følgande aspekt:

- Har partnaren underleverandørar i andre land
- Vurderer då grad av risiko ut frå kva land
- Om partnaren har signert dei etiske retningslinjene våre frå leverandørar
- Relasjonsgrad


Vekting
Vi deler dei potensielle risikoområda inn i ulike nivå baserte på alvorsgrad. Dette betyr ikkje at nokre risikoar er viktigare enn andre, men at den som har størst negativ påverknad blir først prioritert.


VektingRisikoområder

Låg
(Score ganges med 1)

  • Relasjon
  • Underleverandørar i andre land
  • Signert etiske retningslinjer

Moderat
(Score ganges med 1,2)

  • Anti korrupsjon
  • Bransjerisiko

Høg
(Score ganges med 1,5)

  • Anstendig arbeidsforhold
  • Menneskerettigheter




Alle risikoområda er registrerte med talverdiar i databasen vår. Leverandørane har fått score/poeng basert på den overordna risikovurderinga. Kjende opplysningar som kva bransje dei tilhøyrer og kva land dei har verksemda si i osb. Kartleggingen viser oss at vi har leverandørar i alle dei ulike førehandsdefinerte risikonivåa.



RisikonivåScoreAntall leverandørar

Låg

8 - 11

69

Middels

12 - 16

2

Høg

17 - 23

3



Etter første risikovurdering av leverandørane ser vi at det generelt sett er låg risiko relatert til brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dei aller fleste i utvalet vårt opererer i eit transparent og godt regulert arbeidsmarknad i Noreg.


Utvalg for detaljert risikovurdering
Den overordna risikoanalysen viste at vi hadde fem leverandørar som har noko risiko for negativ påverking av menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. For å kartleggje den potensielle risikoen meir inngåande og få kjennskapar til eventuelle faktiske hendingar sende vi ut ei undersøking til desse leverandørane. Dette er leverandørar som vi har eit direkte samarbeid med og som blir vurdert som avgjerande for verksemda vår, og følgeleg der vi har potensiell stor påverknadsmoglegheit.

Undersøkinga inneheld mellom anna spørsmål om korleis leverandørane jobbar med grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i verksemda si og kva krav dei har stilt til leverandørane sine. Vi innhentar også informasjon om dei kjenner til brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i verdikjeda si. Basert på informasjonen som blir innhenta her vurderer vi risikoen på nytt.

Totalt fekk fem av leverandørane våre undersøkinga. Ein av desse fem leverandørane har underleverandørar i Kina, Malaysia og Taiwan. Dei kjenner til brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i leverandørkjeda si. Alle dei fem leverandørane vil bli følgt opp.


Eiga verksemd
Wattn opererer i Noreg, og leverandørane våre opererer i all hovudsak i Noreg. Vi veit at risiko for menneskerettsbrot finst, også innanfor Noregs grenser, også i bransjen vår. Eksempelvis er overtidsarbeid og diskriminering på arbeidsplassen utfordringar som er gjeldande.

I Wattn forheld vi oss til norsk regelverk, under dette arbeidsmiljøloven. Årleg blir det gjennomført medarbeidarundersøkingar, medarbeidarsamtalar og vernarunder. Resultata av desse blir følgt opp av leiinga, og det blir sett i gang tiltak ved behov. I 2023 vart det dessverre gjort funn på trakassering internt. Tiltaka som er sett i verk for å hindre denne typen hendingar i framtida blir følgde tett opp av både leiinga og styret.

I samband med den første gjennomføringa av aktsemdsvurderingar i 2022 hadde vi ein gjennomgang for alle tilsette om openheitslova og resultata av aksomhetsvurderingen. Dette blir vidareført og vere ein årleg gjennomgang. Vi ønskjer å utbetre prosessen og rutinane ved inngåing av avtalar, slik at vi sikrar løpande vurderingar av nye samarbeidspartnarar.

Dette vil også auke forståinga for forhold relatert til menneskerettar og anstendige arbeidsforhold hos alle involverte partar.



Funn: Identifisert risiko og analyse
Vi har ikkje identifisert faktiske brot på menneskerettane, under dette anstendige arbeidsforhold hos dei direkte leverandørane våre. Gjennom kartlegginga vår vurderer vi likevel at størst risiko er den indirekte risikoen for tredjepart gjennom underleverandørar. Gjennom kartlegging har vi identifisert leverandørar som har underleverandør i Asia. Hos ein leverandør som har underleverandørar i dette området er det identifisert brot i samband med ein revisjon. Brotet var på grunn av overtidsarbeid. Tiltak som vart sett inn var å følgje opp arbeidskontraktar og reglane rundt arbeidstid vart korrigerte. Vi vil følgje opp direkte for å vidare kartleggje, og fatte formålstenlege tiltak i eigne operasjonar og leverandøroppfølging/dialog.

I eiga verksemd er det, som nemnt over, identifisert funn på trakassering som det no blir arbeidd med for å hindre framtidige gjentakingar.




Vegen vidare: tiltak

I 2024 vil vi jobbe vidare med å utvikle digitale verktøy som kan støtte arbeidet med dokumentasjon og rapportering.

Vi ønskjer betre og meir detaljert innsikt i verdikjeda vår. Vi vil halde fram arbeidet med dialog og samarbeid med leverandørane våre for å sikre tilstrekkeleg underlag og dokumentasjon. Dette ved å integrere arbeidet tettare i den løpande oppfølginga av leverandørar.

Vi skal også forme ut og implementere eit opplæringsprogram for tilsette, med særleg fokus på innkjøpsleddet, slik at alle som gjennomfører innkjøp sjølv kan gjennomføre aktsemdsvurderingar før avtaleinngåingar. Vi skal også vidareutvikle prosessen for førehandscreening og styrande dokument for handtering av negative konsekvensar. Internt i Wattn er arbeidet med å vidareutvikle og styrkje ønskt kultur igangsett, der verdiane våre «på lag», «energisk» og «utforskande» er retningsgivande.

Samla sett vurderer vi at desse tiltaka vil bidra til Wattns systematiske arbeid med aktsemdsvurderingar, og følgjjeleg både vil avdekkje og potensielt redusere risiko. Gjennom meir informasjon om leverandørkjeda vår, vil vi prioritere tiltak som er målretta og effektive, og som kan ha ein positiv påverknad på menneska – både i eiga verksemd og i leverandørkjeda vår.


Ålesund, 19.06.2024
Styrebehandla i styremøte Ålesund, 06/2024.