
Norgespris
Akkurat som med dagens straumstøtteordning får du Norgespris hos oss
– utan at du treng å byte straumavtale eller straumleverandør.

Kva er Norgespris?
Frå 24. september kan du bestille Norgespris på Min side hos elhub.no – allereie no kan du logge inn og prøve samanlikningskalkulatoren deira.
Norgespris er ei ny statleg straumstøtteordning for bustad og hytte som gir deg fastpris på 50 øre/kWh inkl. mva.
Ordninga er frivillig, noko som betyr at du sjølv kan velje om du ønsker Norgespris eller om du vil fortsette med dagens straumstøtteordning. Same kva du vel, treng du ikkje å byte straumleverandør.
Gå til elhub.no
Om Norgespris
-
Bestille Norgespris
- Frå 24. september kan du bestille Norgespris på Min side på elhub.no. Bestiller du mellom 24. september og 1. oktober, får du Norgespris frå 1. oktober. Ved seinare bestilling gjeld prisen frå bestillingsdatoen. Ordninga gjeld frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 og er bindande. Du har 14 dagars avbestillingsfrist.
-
Straumprisen
- Norgespris gir deg ein fast straumpris på 50 øre/kWh inkl.mva. Det vil seie at du betaler det same for straumen, anten straumprisen går opp eller ned.
-
Samanlikningskalkulatoren på elhub.no
- Frå tysdag 16. september kan du logge inn på Min side hos elhub.no og sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga di tidlegare år – nyttig når du skal vurdere om du vil bestille.
-
Forbruk
- Norgespris har eit maks forbruk på 5000 kWh/mnd for bustadar og 1000 kWh/mnd for fritidsbustadar. Bruk over dette blir fakturert til spotpris.
-
Straumavtale
- Norgespris er kun ei straumstøtteordning, ikkje ein straumavtale. Du må derfor fortsatt ha ein straumavtale i botn.
-
Andre kostnader
- I tillegg til å betale Norgespris på 50 øre/kWh må du betale nettleige, avgifter og påslag frå straumleverandøren din.
-
Norgespris og dagens straumstøtteordning
- Du kan ikkje få både vanleg straumstøtte og Norgespris. Om du ikkje vel Norgespris, fortset du automatisk med dagens straumstøtteordning,
Slik aktiverer du straumstøtteordningane
Norgespris
1. Ha ein straumavtale i botn
2. Bestill Norgespris på Min side hos elhub.no
3. Støtteordninga startar, og varar ut 2026
Dagens straumstøtteordning
1. Ha ein straumavtale i botn
2. Du treng ikkje å gjere noko
3. Du får støtteordninga automatisk

Løner Norgespris seg for deg?
Lurar du på om det lønner seg å velje Norgespris? Svaret avhenger først og fremt av kvar du bur. Norgespris er eit godt val om du:
➡️ Bur i eit område med høge og varierande straumprisar
➡️ Ønskjer føreseielegheit på straumrekninga
For deg som bur i område med låge og meir stabile straumprisar, kan spotpris med dagens straumstøtte framleis vere det mest lønnsame alternativet.
Vi har laga ein Norgespris-kalkulator som kan vere med på å gi deg ein peikepinn på om det kan lønne seg med den nye støtteordninga eller ikkje.
Prøv Norgespris-kalkulatoren vår
Ofte stilte spørsmål om Norgespris
- Når kan eg bestille Norgespris?
-
Frå 24. september kan du bestille Norgespris på Min side på elhub.no. Bestiller du mellom 24. september og 1. oktober, får du Norgespris frå 1. oktober. Ved seinare bestilling gjeld prisen frå bestillingsdatoen. Ordninga gjeld frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 og er bindande. Du har 14 dagars avbestillingsfrist.
Frå tysdag 16. september kan du logge inn på elhub.no og sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga di tidlegare år – nyttig når du skal vurdere om du vil bestille.
MERK: Når du bestiller Norgespris, blir straummålaren knytt til ordninga fram til 31. desember 2026. Om du flyttar, vil den som overtek bustaden automatisk vere bunden til Norgespris som støtteordning. Dei kan velje eigen straumavtale og straumleverandør, men støtteordninga vil framleis vere Norgespris. - Kva er Norgespris?
-
Norgespris er ei ny statleg straumstøtteordning. Med Norgespris betaler du ein fastpris på 50 øre/kWh inkl. mva. Du kan velje Norgespris same kvar du bur i Norge, og du behaldar både straumavtalen og straumleverandøren din.
Påslag og fastbeløp som du har på straumavtalen din i dag vil komme i tillegg til straumprisen på 50 øre/kWh inkl. mva.
- Kva er forskjellen på dagens straumstøtteordning og Norgespris?
-
Dagens straumstøtteordning følger svingingane i spotprisen og staten dekker 90 % av spotprisen over 93,75 øre/kWh inkl. mva. Fordelen med dette er at du får nytta deg av straumprisen om den er låg.
Norgespris gir deg fastpris på straumen på 50 øre/kWh inkl. mva. Du veit alltid kva du betaler, og slepp overraskingar – men du mistar moglegheita til å spare ved låge prisar.
- Bør eg velje Norgespris?
-
I Sør-Norge, der prisane ofte har vore høge og uføreseielege, kan Norgespris vere ekstra attraktiv. I nord, der prisane vanlegvis er lågare og meir stabile, kan spotpris med dagens straumstøtte framleis lønne seg.
Prøv gjerne Norgespris-kalkulatoren som kan gi deg ein indikasjon på kva som er best for deg. - Kva skjer om eg ikkje vel Norgespris?
-
Då beheld du automatisk dagens straumstøtteordning.
- Må eg byte straumavtale eller straumleverandør?
-
Nei, både straumavtalen og kundeforholdet ditt held fram som før.
Fleire misforstår, og trur at Norgespris er ein straumavtale. Det er det ikkje. Norgespris er ei straumstøtteordning som du sjølv kan velje om du vil nytte deg av. Om du ikkje vel Norgespris, vil du automatisk halde fram med dagens straumstøtteordning. - Får eg framleis straum og nettleige på same faktura?
-
Får du straum og nettleige på same faktura frå oss i dag, vil du halde fram med å få det om du vel Norgespris som støtteordning. Enkelt, ryddig og oversiktleg – akkurat slik vi likar det!
- Kvar finne eg straumforbruket mitt?
-
Straumforbruket ditt finn du enkelt på Mi side og i Wattn-appen.
- Kan bedrifta mi bestille Norgespris?
-
Det kjem an på målepunktet. Er det registrert som hytte/fritidsbustad (forbrukskode 36), kan de ikkje bestille. Er det registrert som hushald (forbrukskode 35), kan de bestille – men ein tilsett med rette rettar i bedrifta må gjere sjølve bestillinga.