Miljøtårnsertifisert wattn

Berekraft

19. april, 2022

Vi er Miljøfyrtårnsertifisert

Vi jobbar kvar dag med å sikre at Wattn blir meir berekraftig. Men nøkkelen til det grøne skiftet ligg i samarbeid og vi håpar at våre produkt og tjenester kan bidra til å inspirere andre til å velge grøne løysingar.

- Å bli miljøsertifisert var sjølvsagt for oss. Gjennom Miljøfyrtårn har vi sikra eit betre miljøledelsessystem og nye verktøy for å måle og dokumentere miljøprestasjonane våre, sier leder for bærekraft Elin Hessen.


For oss er det viktig å vere bevisste på kva moglegheiter vi har til å påverke, og korleis både dei interne og eksterne handlingane våre kan bidra til ei grøn omstilling. Vi er ikkje ei produksjonsbedrift, men i tillegg til straum sel vi fysiske produkt som for eksempel elbil-ladarar og WattMeter. Vi har leverandørar, samarbeidspartnarar og kundar der våre val og aktivitetar kan ha ringverknadar. Eksempel på dette kan vere miljøkrav vi stiller til leverandørane våre, kor godt vi legg til rette for at kundane skal kunne ta berekraftige val, korleis vår kunnskap og eventuell deling av anonymisert data kan hjelpe samarbeidspartnarar i val og beslutningar dei står ovanfor, legg Hessen til.


Prosessen med å bli Miljøfyrtårnsertifisert

Wattn er sertifisert etter hovedkontormodellen i Miljøfyrtårn. Kor lang tid ei bedrift brukar på prosessen er avhengig av fleire ulike faktorar. Sjølv brukte vi tre til fire månadar. Vi har fleire kontor med eigne Miljøfyrtårnansvarlege, og desse var involvert i heile prosessen frå A til Å. For å bli sertifisert må ein oppfylle ei rekke krav til blant anna energi, innkjøp, avfall- og kildesortering og arbeidsmiljø. Det å vere sertifisert krev systematisk arbeid med klima- og miljøtiltak i kvardagen.


Sertifiseringsprosessen består av tre overordna delar:

  • Lage eit system for miljøleiing
    • Dette er noko alle tilsette skal jobbe etter kontinuerlig
  • Lage ein klima og miljørapport
    • Klima og miljørapporten vert levert inn kvart år
  • Ei miljøkartlegging
    • Dette er ei rekke kriterier som skal bli besvart kvart 3. år.


Det har vert ei lærerik reise og vi var opptatt av å involvere ulike roller frå organisasjonen i ulike delar av prosessen, slik at vi fikk eit bredt eigarskap frå starten. Noko av det viktigaste er forankring hos våre tilsette, slik at dei er informert om kva moglegheiter og krav dette stiller til oss som organisasjon.


- Det er essensielt at alle tilsette kjenner måla vi har satt oss, kvifor dei er satt og kva dei kan gjere i sin arbeidskvardag for å bidra til å nå desse. Med eit kontinuerleg fokus på å sikre eit godt og berekraftig arbeidsmiljø, og med så flinke, fokuserte og energiske kollegaer håpar og trur eg at vi skal nå dei måla vi har satt oss både på kort og lang sikt, forteller Elin.