

Straumøkonom
29. august, 2025
Bør du velje Norgespris?
Oktober nærmar seg og snart kan du velje mellom to straumstøtteordningar: Norgespris og vanleg straumstøtte. Norgespris er den nye straumstøtteordninga frå 01.10.2025, med fastpris på 50 øre/kWh fram til utgangen av 2026. Med denne ordninga får du meir føreseielege straumrekningar, men det store spørsmålet er: Løner det seg for deg?
Før vi byrjar å sjå på berekningane er det greitt å nemne at dersom du ikkje aktivt vel Norgespris, får alle bustader og bustadselskap automatiske dagens straumstøtteordning. Fleire trur at 1. oktober er ein frist for å bestille Norgespris. Slik er det ikkje – du kan velje ordninga når som helst.
Kva bør du tenke på før du vel?
Eg vil tilrå kvar enkelt forbrukar å gjere eigne vurderingar. Det er to ting du må vite om. Det eine er at når du bind deg til Norgespris varer bindinga til ut 2026. Det andre er at det er mange faktorar som påverkar straumprisen - alt frå frykta for ein kald vinter i Europa til tollsatsar frå USA, i tillegg til vêr og vind.
Vel Norgespris om du bur på Sør- og Austlandet
Bur du i Sør-Norge er det er svært gode argument til å velje Norgespris. Både når du ser på historiske prisar og framtidsprognosar.
Utrekninga er basert på historiske prisar frå 2024.
Aust-Norge (NO1) | Hus, 20 000 kWh/år | Leilegheit, 9 000 kWh/år |
---|---|---|
Med Norgespris | 10 000 kr | 4 500 kr |
Med dagens straumstøtte | 12 600 kr | 5 670 kr |
Potensielt spart med Norgespris | 2 600 kr | 1 170 kr |
Sør-Norge (NO2) | Hus, 20 000 kWh/år Prisar inkl. mva. | Leilegheit, 9 000 kWh/år Prisar er inkl. mva. |
---|---|---|
Med Norgespris | 10 000 kr | 4 500 kr |
Med dagens straumstøtte | 15 400 kr | 6 930 kr |
Potensielt spart med Norgespris | 5 400 kr | 2 430 kr |
Vest-Norge bør også velje Norgespris
Basert på historiske prisar og dagens framtidsprognoser så skal det løne seg med Norgespris for vestlendingane.
Utrekninga er basert på historiske prisar frå 2024.
Vest-Norge (NO5) | Hus, 20 000 kWh/år Prisar inkl. mva. | Leilegheit, 9 000 kWh/år Priser er inkl. mva. |
---|---|---|
Med Norgespris | 10 000 kr | 4 500 kr |
Med dagens straumstøtte | 12 800 kr | 5 760 kr |
Potensielt spart med Norgespris | 2 800 kr | 1 260 kr |
Midt-Norge bør vente litt med Norgespris
Du som bur i Midt-Norge, det vi kallar prisområde NO3, vil eg tilrå å vente litt og sjå an spotprisutviklinga. Både historiske prisar og framtidsprognosar viser at Norgespris kan bli dyrare enn dagens straumstøtteordning. Samtidig blir det opna ein ny straumkabel over Sognefjorden denne hausten – det kan endre prisbiletet.
Utrekninga er basert på historiske prisar frå 2024.
Midt-Norge (NO3) | Hus, 20 000 kWh/år Prisar inkl. mva. | Leilegheit, 9 000 kWh/år Priser er inkl. mva. |
---|---|---|
Med Norgespris | 10 000 kr | 4 500 kr |
Med dagens straumstøtte | 8 800 kr | 3 960 kr |
Potensielt tap med Norgespris | 1 200 kr | 540 kr |
Nord-Norge bør ikkje velje Norgespris
Nord-Norge har over lang tid hatt dei lågaste prisane i landet. Framtidsprognosane tyder på at dette vil halde fram. For deg i nord blir ikkje Norgespris tilrådd.
Utrekninga er basert på historiske prisar frå 2024, utan mva, då Nordland, Finnmark og Troms ikkje betalar mva på straum.
Nord-Norge (NO4) | Hus, 20 000 kWh/år Prisar ekskl. mva. | Leilegheit, 9 000 kWh/år Prisar er ekskl. mva. |
---|---|---|
Med Norgespris | 8 000 kr | 3 600 kr |
Med dagens straumstøtte | 4 480 kr | 2 016 kr |
Potensielt tap med Norgespris | 3 520 kr | 1 584 kr |
Kort oppsummert
Aust-, sør- og Vest-Norge: Det er veldig gode argumenter for å velje Norgespris
Midt-Norge: Vent og sjå an prisutviklinga
Nord-Norge: Hald deg til dagens straumstøtteordning
Uansett: Den billigaste straumen er den du ikkje bruker, og nettleiga er skrudd saman slik at dersom du bruker mykje straum samtidig blir det dyrare.
Atterhald: Tilrådingane er baserte på historiske prisar og framtidsprognosar. Framtidsprognosar kan endre seg, ergo kan også råda endre seg. Utrekningane er baserte på eit gjennomsnittsforbruk. Dette er generelle råd og ikkje individuell rettleiing.
Kort oppsummert
Basert på historiske prisar for 2024 og fremtidige prognoser er dette anbefalingane:
Aust-Norge (NO1), Sør-Norge (NO2) og Vest-Norge (NO5)
Det er veldig gode argument for å velje Norgespris
Midt-Norge (NO3)
Vent og sjå an prisutviklinga
Nord-Norge (NO4)
Hold deg til dagens støtteordning
