Aktuelt
Slik kan du sjølv redusere nettleiga
Visste du at du har meir kontroll over nettleiga enn du kanskje trur? Sjølv om vi som straumselskap ikkje kan påverke nettleiga di direkte, finnes det smarte grep du kan ta for å redusere den – utan at det går ut over komforten heime. Korleis? Ved å bruke Wattn-appen og følge nokre enkle tips for å bruke straumen smartare.
Fleire nettselskap nyttar ein såkalla trappetrinnsmodell, der delar av nettleiga aukar når du bruker mykje straum samtidig. Dette betyr at sjølv om du kanskje ikkje har brukt unormalt mykje straum i løpet av ein månad, kan periodar med høgt samtidig forbruk føre til at nettleiga di blir høgare enn nødvendig.
Aktiver effektvarsel i Wattn-appen
I Wattn-appen kan du aktivere effektvarsel, som varslar deg når du nærmar deg eit høgare trinn i trappetrinnsmodellen. Har du WattMeter, får du varselet i sanntid, slik at du kan justere forbruket omgåande når du går inn i ein time med høgt forbruk. Utan Wattmeter tek du imot varselet dagen etter, og kan sjå når forbruket var høgast og gjere justering ut frå dette.
Planlegg for eit jamnare straumforbruk
Ved å følgje med på straumforbruket i appen får du betre kontroll over når på døgnet du bruker mest straum. Slik kan du jamne ut forbruket ditt og unngå høgare nettleige. Til dømes kan du unngå å starte vaskemaskina, oppvaskmaskina og steikeomnen samtidig. Har du elbil vil tenesta Smart lading i appen hjelpe deg å lade når straumprisen er billigast, og unngå effekttoppane.
Ved å nytte dei ulike verktøya og tenestene i appen kan du ta kontroll over straumforbruket ditt, og på den måten redusere både nettleiga og straumkostnadene dine. Sjå, styr, spar i dag!
Éin faktura for alt: Straum og nettleige samla
I Wattn gjer vi straumrekninga enklare for deg! Vi tilbyr gjennomfakturering med fleire nettselskap, noko som betyr at du får alle kostnader knytt til straumforbruket ditt på éin faktura - både straum og nettleige.
Fleire trur gjerne derfor at det er vi som straumselskap som sett prisen for nettleiga di også. Slik er det ikkje; det er nettselskapet i området ditt som bestemmer både nettleige og prisar.
Vi har valgt å tilby gjennomfakturering for å gi deg betre oversikt med bare èin faktura - enkelt og greit!