

Straumøkonom
01. september, 2025
Norgespris på hytta – løner det seg?
Mange hytteeigarar får ei overrasking når straumrekninga kjem - dagens straumstøtte gjeld nemleg ikkje fritidsbustader. Med Norgespris derimot får du for første gong høve til å binde straumprisen til 50 øre/kWh inkl. mva - også på hytta.
Kva betyr dette i praksis?
Du kan ha dagens straumstøtte heime, samtidig som du vel Norgespris på hytta. Kor mykje du eventuelt kan spare med Norgespris er avhengig av kva straumprisområde hytta ligg i, og kor mykje straum du brukar.
Med Norgespris gir staten straumstøtte opp til 1000 kWh i månaden på hytter, noko som er meir enn nok for hyttefolk flest. Om vi ser på historiske straumprisar inkl. mva frå 2024, med eit årsforbruk på 8 000 kWh, ville reknestykket for eksempelvis Aust-Norge og Midt-Norge sett slik ut:
Aust-Norge (NO1) | Midt-Norge (NO3) | |
---|---|---|
Med Norgespris | 4 000 kr | 4 000 kr |
Med spotpris utan støtte | 5 600 kr | 3 760 kr |
Potensielt spart/tapt med Norgespris | 1 600 kr (spart) | 240 kr (tapt) |
Så kvar løner det seg med Norgespris?
Norgespris legg til rette for føreseielege straumkostnader - også på hytta. For hytter i Aust-, Sør- og Vest-Norge kan det løne seg, medan hytteeigarar i Midt-Norge og Nord-Norge bør vere meir forsiktige.
Aust-(NO1), Sør-(NO2) og Vest-Norge (NO5): Historiske prisar tilseier at Norgespris kan gi lågare kostnader.
Midt-Norge (NO3): Meir usikkert – her kan spotpris vere billigare.
Nord-Norge (NO4): Som regel dei lågaste straumprisane i landet, Norgespris blir normalt ikkje tilrådd.
Gå til vår Norgespriskalkulator og sjekk ut korleis reknestykket ditt hadde sett ut basert på historiske prisar frå 2024.
Atterhald: Tilrådingane er baserte på historiske prisar og framtidsprognosar. Framtidsprognosane kan endre seg, ergo kan også råda endre seg. Utrekningane er baserte på eit gjennomsnittsforbruk. Dette er generelle råd og ikkje individuell rettleiing.
Nokre råd for lågare straumrekning på hytta
Vurder Norgespris
Vurder om Norgespris er lønsamt på hytta
Bruk mindre straum samtidig
Klarer du å jamne ut forbruket er det mykje å spare på nettleiga
Tilpass forbruket
Senk innetemperaturen når hytta står tom og vurder fjernstyring av varme
