Mange betalar meir enn dei må
Sjølv om Norgespris har vore tilgjengeleg sidan 1. oktober, er det framleis rundt halvparten av hushalda i områda der ordninga heilt klart lønner seg, som ikkje har valt den. Dette svarer til nærare 1 000 000 straumkundar. For kvar dag som går, betaler desse hushalda meir for straumen enn dei treng.
Berekningane tek utgangspunkt i gjennomsnittleg forbruk for hushald og gjennomsnittleg døgnpris på straum i områda sidan ordninga med Norgespris vart innført 1. oktober. Truleg er tapa for dei utan Norgespris større fordi det meste av straumforbruket skjer om morgonen og på ettermiddagen, når timesprisen ofte er høgare enn den gjennomsnittlege døgnprisen.
Overraskende at ikkje fleire har valt Norgespris
Eg hadde venta at fleire skulle velge Norgespris. På Sørlandet, Austlandet og delar av Vestlandet er det ingen tvil om at den vil lønne seg, og ordninga er no så godt kjend at det skulle vere lett å ta valet
Det er framleis pengar å spare
Sjølv om mange allereie har betalt meir for straum enn nødvendig i haust, er det framleis store beløp å spare framover. For hushald i Sør-Noreg, Aust-Noreg og delar av Vestlandet er mitt råd klart: Vel Norgespris så raskt som mogleg
Kjelder og atterhald: Berekningar baserte på gjennomsnittleg hushaldsforbruk (SSB) og gjennomsnittleg døgnpris per prisområde. Tall gjeld perioden 01.10.2025–30.11.2025. Estimata er anslag – individuelle kostnader kan avvike.
Tilrådingane er baserte på historiske prisar og framtidsprognosar. Framtidsprognosane kan endre seg, ergo kan også råda endre seg. Utrekningane er baserte på eit gjennomsnittsforbruk. Dette er generelle råd og ikkje individuell rettleiing.