Nesten 60 % sit framleis på gjerdet
I følge elhub statistikken sin pr. 12. oktober er status slik: Totalt har 813 444 hushald i landet bestilt Norgespris, opp mot 2 658 561 som er det det samla talet på straummålarar – dette er ein andel på 30,5%. Fordelinga etter prisområde viser store forskjellar:
- NO1, Austlandet: 37,3%
- NO2, Sørlandet: 51,1%
- NO5, Vest-Norge: 28,5%
- NO3 og NO4: nær null
Basert på historiske prisar har vi tilrådd at hushald i NO1, NO2 og NO5 vurderer Norgespris. Så langt er 40,5 % i desse områda med – noko som betyr at rundt 60 % framleis sit på gjerdet. Dei kan gå glipp av stor innsparing dersom spotprisen held seg over 50 øre/kWh over tid.
Prisbiletet så langt i oktober
Gjennomsnittleg spotpris hittil i oktober viser at ordninga lønner seg:
- NO2, Sørlandet: spotprisen har vore lågare enn 50 øre/kWh 2 av 16 dagar
- NO1, Austlandet: spotprisen har vore lågare enn 50 øre/kWh 3 av 16 dagar
- NO5, Vest-Norge: spotprisen har vore lågare enn 50 øre/kWh 2 av 16 dagar
Det er sjølvsagt totalen ut 2026 som tel – ikkje enkeltdagar – men tala viser ein tydeleg tendens: så langt har det lønt seg med Norgespris i desse områda.
Kvifor ventar mange?
Fleire peikar på ulike årsaker til at mange framleis ventar:
- Utfordring med digital bestilling på elhub
- Forvirring rundt «nettleigefella»
- Uvisse om lønnsemd og ønske om å vente og sjå
- Låg interesse for straumval i kvardagen
- Språkbarrierar
Tilråding
Er du usikker og treng fleire svar? Snakk med nettselskap ditt for å få svar på spørsmåls du treng for å bestemme deg.