Straumøkonom
04. november, 2025
Lønte det seg med Norgespris den første månaden?
Tala er klare: Etter den første månaden har Norgespris lønt seg i Sør-Norge, Aust-Norge og Vest-Norge. Rundt 940 000 hushald har til no valt ordninga.
Det fleire lurar på er om det har vore lønnsamt - og kor mykje har folk eventuelt spart. Vi har sett nærare på tal frå kundane våre for å få eit bilete av korleis det har slått ut i oktober. Hugs at dette er gjennomsnittstal - resultatet for kvar enkelt vil avhenge av både prisområde, forbruksmønster og tidspunktet på døgnet straumen er brukt.
Under viser vi det gjennomsnittlege sparing/tap i hushaldet og ytterpunkta i skalaen – altså huset som har spart mest, og huset som har tapt mest på å ha Norgespris blant kundane våre.
Midt-Noreg (NO3)
Gjennomsnittleg hushald: -134 kr
Størst tap: - 482 kr
Mest spart: +10 kr
Vest-Norge (NO5)
Gjennomsnittleg hushald: +259 kr
Mest spart: +1 070 kr
Størst tap: - 23 kr
Aut-Norge (NO1)
Gjennomsnittleg hushald: + 299 kr
Mest spart: + 1241 kr
Størst tap: - 49 kr
Sør-Norge (NO2)
Gjennomsnittleg hushald: + 363 kr
Mest spart: + 1 833 kr
Størst tap: - 5 kr
Beregningene er basert på at forbrukar hadde Norgespris frå 1. oktober, og at vanleg straumstøtte er teken med i reknestykket.
Straumprisen endrar seg time for time, så det endelege svaret får vi først ved årsslutt 2026. Men for mange har den første månaden gitt eit tydeleg teikn på at føreseielegheita kan lønne seg.
💡Tips: Fleire straumleverandørar har appar som viser kor mykje du har brukt og spart så langt - både på straum, nettleige og støtteordninga. Det kan vere lurt å følgje med der om du vil sjå korleis Norgespris slår ut for deg.
Kjelde: Antal hushald er pr 2.november, tal er henta frå Elhub