Høge prisar i heile landet
Straumprisane ligg no på eit høgt nivå i heile landet. Dei første seks dagane i år har døgnprisen på straum vore høgare enn Norgespris sine 50 øre kilowattimen kvar dag. Hovedårsaka til dei høge prisane er kulda, høgt forbruk og lite vindproduksjon.
Norgespris aktuelt for fleire
Vêret betyr mykje for prisutsiktene, og det kalde og tørre vêret vi opplever no, dreg opp forventningane til straumprisen gjennom vinteren. I Midt-Norge (Trøndelag, Møre og Romsdal, samt delar av Vestland) er det fleire enn tidligare som har valt Norgespris, men framleis er det relativt få.
Dersom prisprognosane for 2026 slår til, vil straumkundar i Midt-Norge kunne spare mellom 500 og 1 700 kroner i løpet av året ved å velge Norgespris. Kor mykje du kan spare avheng blant anna av bustaden sin størrelse, når på døgnet du bruker straum, og korleis forbruket fordelar seg gjennom året. Berekningane er basert på eit gjennomsnittleg årsforbruk, inkludert periodar der spotprisen er forventa å vere lågare enn Norgespris.
Størst forbruk om vinteren
Dei fleste bustader brukar mest straum i vintermånadane – og det er også då straumen normalt er dyrast. Ønsker du føreseieleg straumrekninga, kan dette gjere Norgespris til eit attraktivt val.
– Prognosane viser at det kan vere mogleg å spare pengar på å velge Norgespris, også i Midt-Norge. Samstundes er det viktig å hugse at prognosar er kvalifiserte anslag, og ting kan endre seg, seier straumøkonom Elin Hessen. For hytter som blir brukt mykje om vinteren, kan valet vere enklare. Hytter er nemleg ikkje omfatta av den ordinære straumstøtta, noko som gjer Norgespris ekstra relevant.
Slik bestiller du Norgespris
Du kan bestille Norgespris når som helst. Ordninga gjeld frå og med dagen du bestiller, og trer altså i kraft umiddelbart. Dersom du ikkje vel Norgespris, får du automatisk den vanlege straumstøtta. Norgespris bestiller du enkelt på elhub.no.
Kjelder og atterhald
Berekningane er basert på gjennomsnittleg hushaldsforbruk (NVE), historiske straumpriser og tilgjengelege prisprognosar per 05.01.2026. Estimata er anslag – individuelle kostnader og innsparingar vil variere med bustadtype, forbruksmønster og marknadssituasjon. Vurderingane er generelle og utgjer ikkje individuell rådgiving. Endringar i vêr, krafttilgang, regelverk eller marknad kan påverke lønsemda av Norgespris over tid.