

EnergiArena
Kostnadar, miljø og leiing – for alle
I starten var EnergiArena eit spissa tilbod retta mot dei aller største verksemdene, som ofte har mest å tene på god energileiing. No ser vi at også mindre og mellomstore verksemder har stor nytte av å møtast, bli kjent, og diskutere faglege problemstillingar. Å spare kostnadar, berekraft og miljø er noko alle leiarar er opptatt av i dag – og moglegheitene er mange.
Berre gjennom å implementere energileiing kan bedrifter kutte energikostnadane med inntil 10%.

Nettverkssamlingar i nærleiken av deg
Som medlem i EnergiArena blir du invitert til lokale nettverkssamlingar og webinar 4 gangar i året, med interessante foredrag, diskusjonar og gode moglegheiter for sosialisering. Du lærer mykje om enkle tiltak som kan settast i gong raskt, og korleis energileiing fungera i kvardagen. Vi ønskjer å møte kundane våre der dei er, og er interessa stor startar vi gjerne opp EnergiArena andre stadar i regionen vår.
Vi inviterer til EnergiArena webinar 3. oktober, kl. 09.00 til 10.30.
Samlingar
3. oktober: Webinar
Kort fortalt om
EnergiArena
Starten
EnergiArena startet i samarbeid med Haram Næringslag, spreidde seg vidare til Ålesund og etter kvart heile nordre Sunnmøre. No får bedrifter i heile Wattn-området tilbod om å vere ein del av EnergiArena.
Nettverket
Eit bedriftsnettverk som gir bedrifter auka kunnskap om energiforbruk, lavare straumutgifter og meir berekraftig drift.
Dei gode råda
Nettverket gir råd gjennom samlingar som har både informasjon frå straumleverandør og utveksling av erfaring mellom bedriftene. Dette kan følgjast opp med ein-til-ein-rådgjeving til den enkelte bedrifta.
Besparelsane
Over hundre bedrifter har vore med sidan starten i 2008 og spart over 150 millionar kroner i energikostnader.
Kontakt oss gjerne for ein prat!
Kundar med gode erfaringar frå EnergiArena

Johan Giskeødegård AS - Energisnill klippfisk
Kundehistoriar

Coldwater Prawns - Miljøfokus i alle ledd
Kundehistoriar

Hofseth International - Forutsigbart i fisk
Kundehistoriar