Wattn_bedrift_kundehistorier_Hofseth_ola_holen

Kundehistoriar

Hofseth International - Forutsigbart i fisk

Hofseth International er gode på fisk. Ikkje så gode på straum. Det er Wattn gode på. For oss er det viktig å kunne budsjettere våre utgifter med ei stor grad av sikkerheit, og då er eit forutsigbart kostnadsnivå viktig. Dette seier finansdirektør (CFO) Ola Holen i Hofseth International om kvifor fiskeforedlingsgiganten har vald å betale fastpris på ein relativ stor andel av straumforbruket sitt.

- Vi er gode på fisk. Ikkje so gode på straum. Det er Wattn gode på. For oss er det viktig å kunne budsjettere våre utgifter med ei stor grad av sikkerheit, og då er eit forutsigbart kostnadsnivå viktig seier finansdirektør (CFO) Ola Holen i Hofseth International om kvifor fiskeforedlingsgiganten har vald å betale fastpris på ein relativ stor andel av straumforbruket sitt.

Forvaltningsavtalen til Wattn er det produktet som gir størst forutsigbarheit. Målet er å kjøpe prissikring for komande periodar til lågast mulig pris. Kunden kan sjølv velge kor stor andel av straumforbruket som skal leverast til fast pris.

Stort forbruk

– Sjølv om vi er konservative når det gjeld prissikring av straum fordi vi ønskar forutsigbarheit, gir også forvaltningsavtalen oss fleksibilitet i forhold til sikringsgrad og periode, forklarar Holen.

Produksjonen og omfanget i Hofseth krev mykje straum som igjen gir store utgifter. Forbruket ligg på 30 millionar Kwh i året, ganske jamt fordelt på fem anlegg innan oppdrett og fiskeforedling.


Gode rådgivarar
– Wattn har eit godt rådgivningsapparat og vi kjenner oss trygge på deira ekspertise. Det er dei som kan sjå inn i glasskula og lese marknaden best. Vi har hatt eit kundeforhold med Tafjord i lang tid, og det betyr jo at vi er godt fornøgd, seie finansdirektøren med eit smil.


Fiskeforedling med eventyrleg vekst

Hofseth International har på kort tid hatt ein eventyrleg vekst, og er i dag ein av dei største lakseforedlarane i Europa, med ei omsetning på over fire milliardar kroner. Gründeren Roger Hofseth fra Ellingsøy starta tidleg på 2000-tallet sitt eige fiskeforedlingsselskap, og i 2008 slo han seg saman med Seafood Farmers der Ola Holen var sjef. Hofseth International blei etablert.

Saman med japanske investorar kjøpte dei Fjordlaks, og driv no med intern smoltproduksjon, oppdrett av ørret og produksjon av laks.


Verdiskapning og ressursutnytting
Strategien er å holde mest mulig av verdiskapinga innan oppdrett i Norge. – Vi har også ein strategi om å utnytte heile fisken. Gjennom selskapet Hofseth BioCare hentar vi ut protein og kalsium frå rygg, hode og skinn, og omset det som helsekostprodukt av fersk olje frå laks til humant bruk og tilskot til kjeledyr, kalsiumpulver og proteinpulver, seie Ola Holen.


Jamnt fordelt forbruk
Straumforbruket på 30 millioner kWh i året er temmelig jamt fordelt på verksemda i Hofseth sjølv om det er variasjonar alt etter type produksjon. Prosessanlegg er meir energikrevjande enn tradisjonell linjeproduksjon, og smoltanlegg er meir energikrevjande enn sjøanlegg.

- Eg har og lyst til å legge til at vi i tillegg til rådgivning om marknad og prissikringsstrategi, også nyt godt av rådgivning frå Wattn i forhold til forbruk og energiøkonomisering, marknadsinformasjon og forbruksstatistikkar for den enkelte fabrikk, avsluttar Ola Holen.


* Ola Holen har siden artikkelen ble skrevet byttet jobb.