Energiarena2000x700b

Kompetanse

Tidsaktuelle tema trefte deltakarane under EnergiArena

Det er lite som er konstant for tida. Nye krav til berekraftsrapportering, fleire bedrifter må betale for reaktivt forbruk, og ein usikker straummarknad på kort og lang sikt, er sfæren vi beveger oss i.

På nettverkssamlinga EnergiArena, legg vi stor vekt på å halde deltakarane oppdatert på straummarknaden. Vi samlast kvart kvartal og deler tidsaktuell informasjon, nyttige erfaringar og tips. Målet vårt er at kundane våre alltid skal vere i forkant av eventuelle endringar i marknaden.

Ny lovgiving
EnergiArena-samlingane i vår inneheldt tema som framleis er høgaktuelle. Vi var innom EU sin «Green Deal» og korleis denne gir føringar for fleire endringar innanfor energi og berekraft dei kommande åra.

Eitt av krava frå EU er det nye berekraftsdirektivet CSRD, Corporate Sustainability Reporting Directive. Vi inviterte derfor inn KPMG og PwC for å gå gjennom hovudendringane samanlikna med dagens krav til berekraftsrapportering. Fleire av bedriftene som deltok på samlingane vil falle direkte, eller indirekte, under det nye direktivet som enten kunde eller leverandør.

Nokre av dei viktigaste endringane frå dagens krav er:

  • fleire bedrifter må rapportere
  • stor utviding av informasjonen som det skal rapporterast om
  • krav om revisjon av berekraftsisinformasjon


Dei utvida krava til rapportering kan også gi grunnlag for å revurdere og aktualisere ansvarsområdet, og rapporteringsrutinane, for Energiteamet til bedriftene. Dette vart løfta fram under seansen om energileiing.

Pål Sandal frå PwC går gjennom dei nye krava for berekraftsrapportering.
Pål Sandal frå PwC går gjennom dei nye krava for berekraftsrapportering.



Krav til reaktivt forbruk
Eit anna tema for samlingane var reaktivt forbruk. Frå 1. juli i år må også bedrifter som tidlegare fekk nettleige frå Mørenett, betale for reaktivt forbruk. Enkelte anlegg som til dømes har motorar, sveiseapparat, transformatorar og induksjonsomnar, trekkjer reaktiv effekt frå nettet. Dei legg dermed beslag på overføringskapasiteten, som igjen fører til auka tap/nedsett kapasitet.

Anlegg som har eit årleg straumforbruk på over 100 000 kWh er dei som no blir belasta for reaktivt forbruk. Viktige grep for å redusere kostnadene er å analysere kva som er bakgrunnen for det reaktive forbruket til bedrifta. Er det kondensatorbatteri eller aktive filter som er den rette løysinga for deg?

Ope for alle bedrifter
EnergiArena er ope for alle, også dei som ikkje er kunde. Vi legg opp samlingane etter kva som rører seg i marknaden og svarer gjerne på spørsmål, anten det er på samlinga, eller i etterkant. Vi tilrår alle bedriftskundane våre, og andre, om å melde seg på EnergiArena for å få tidleg tilgang på informasjon som potensielt kan ha mykje å seie for bedrifta.

Rune Jelle-Slenes

Rune Jelle-Slenes

Teknisk KAM

99 39 95 76rune.jelle-slenes@wattn.no

EnergiArena i nærområdet ditt

Sidan 2022 har bedriftsteamet vårt reist rundt i lokalområda våre for å møte næringslivet gjennom nettverkssamlinga EnergiArena. Det er gjennomført samlingar i Ulsteinvik, Førde, Nordfjordeid, Sykkylven, Ålesund og Sogndal.

Les meir og bli med i EnergiArena