Aktuelt
20. november, 2023
Kom i gang med energisparing
Energileiing og smart straumforbruk kan redusere energikostnadene med 10%. Alle bedrifter kan spare store summar i året ved å bevisstgjere tilsette, og innføre enkle straumreduserande tiltak. Det fortel Rune Jelle-Slenes og Trond André Hagen, tekniske bedriftsrådgivarar i Wattn.
Redusert energiforbruk gir igjen redusert klimaavtrykk som påverkar miljørapporteringa til bedrifta og reduserte kostnader, noko dei fleste bedrifter har fokus på.
Reduser kostnadene med energileiing
Erfaringstal frå ENOVA seier at implementering av energileiing åleine kan redusere energikostnadene til bedrifter med inntil 10 prosent, og det med relativt låge eller ingen investeringskostnader.
Energileiing handlar i hovudsak om samspelet mellom straumvanane til alle personane på ein arbeidsplass, teknologi og effektiv styring av energiforbruket. Lågare energiforbruk reduserer kostnader, betrar miljøprofilen og styrkjer konkurranseevna.
Energikartlegging og -rådgiving
Både Rune og Trond André reiser ofte ut til bedrifter og gjennomfører energikartlegging for å kunne gi best mogleg råd rundt tiltak.
Dei gjennomfører ei A til Å kartlegging. Når det gjeld energiforbruket i ei bedrift ser dei på tekniske anlegg, bygningsmasse og forbruksmønsteret til organisasjonen. Denne kartlegginga resulterer i ei liste med tiltak, rangert frå dei tiltaka som krev mindre ressursar til dei som krev større investeringar og planlegging. Dei er også alltid oppdaterte på kva tiltak som gir ENOVA-støtte.
Her er det greit å merke seg at Wattn, gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune, støttar 50% av kostnader med kartlegginga for dei bedriftene som gjennomfører dette.
Rådgivar til BREEAM In-Use
BREEAM In-Use er ein anerkjend vitskapsbasert berekraftssertifisering av bygg og eigedomsmassar. Sertifiseringa er viktig for bedrifter som har berekraftsambisjonar og for å styrkje konkurranseevna som utleigar. Rune Jelle-Slenes har erfaring som BREEAM In-Use revisor og gir råd til større byggeigarar på dette i dag.
Bruk bedriftsportalen - oppdag straumtjuvar
Bedriftsportalen er det viktigaste verktøyet vi tilbyr bedriftskundane våre. Der får dei full kontroll over energiforbruket og -kostnadene. Portalen er enkel i bruk, både til å sjekke siste faktura og forbrukshistorikk, men også som eit komplett styringsverktøy for energileiing i praksis.
I portalen kan ein setje på effektvarsel basert på normalt forbruk. Når det då oppstår ei uønska hending, til dømes ein kompressor som står på for lenge på grunn av feil, kan ein bli varsla om dette før den endar opp med å bli ein straumtjuv. Med smart måling av energibruk og effektvarsel slepp ein uventa straumkostnader. Då har ein full kontroll heile tida.