Kompetanse
Stort engasjement for EnergiArena
Energileiing saman med det å vere bevisst på energiforbruk dannar grunnlaget for å lykkast med energisparing. Slik sparka Rune Jelle-Slenes i gang EnergiArena og sekvensen om energileiing.
Innsikt og rettleiing
Gjennom EnergiArena får bedriftene input på energileiing for å halde fokus på riktig energibruk. Inspirert av ISO 14001 og 9001, legg EnergiArena til rette for å hjelpe dei som ønsker ISO-sertifisering eller med drift for dei som allereie er sertifisert. Målet er ikkje bare sertifiseringa; hensikta er å etablere eit varig fokus på energibruk og reduksjon av forbruk.
Vidare fortel Rune at ønsket er at bedriftene, gjennom EnergiArena, skal kome ut med eit energileiing-dokument. Dette til bruk både internt, for rapportering til eigarar, andre interessentar og til berekraftsrapportering.
Bedriftene som deltok kommenterte dette med å seie at fokuset frå deira interessentar går meir og meir frå kvalitet, over til krav på berekraft og miljø.
Bedriftsportalen som eit viktig verktøy
Trond Hagen presenterte deretter Bedriftsportalen, der nøkkelen er å overvake forbruksgrafane saman med kostnadene for å ha kontroll. Portalen gir ei kobling mellom forbruk, temperatur og kostnad. Bedriftsportalen viser også forvaltningsrapportar. Her kan bedriftene følge med på prognoser og status på kraftavtalen sin og på handlane som forvaltarane våre gjer for dei.
Videre gjekk han gjennom effektforbruket. Dette er viktig å følge med på, då det vert rekna ut frå den høgaste forbrukstimen i månaden og blir kostnaden for heile den månaden. Dette kan bedriftene overvake i sanntid og bli varsla om før
effektforbruket går over grensa som er satt. Ein rapport sendt kvar veke på e-post ble nevnt som et viktig verktøy for enklere energioppfølging.
Kraftmarknaden framover
Det siste punktet på agendaen denne dagen var utsiktene for kraftmarknaden. Her opna Camilla Blom med å seie at utsiktene i marknaden er betydeleg betre i år enn for eitt år sidan. Blant anna er gasslagera i Europa 99 prosent fylt opp og her ligg EU foran skjema. Den hydrologiske balansen i Noreg og Sverige ligg med eit lite overskot og at vi ventar noko meir nedbør framover som vil forbetre dette overskotet.
Kjernekraftproduksjonen i Sverige og Finland for tida stabil, noko som gir gode signal for vinterprisane. Med det grøne skiftet og stadig meir fornybar kraft i Europa, må vi likevel vente meir svingande kraftprisar framover, også for denne vinteren. Prisforventningane for vinteren 23/24 ligg i dag på rundt krona i Sør-Norge, mens vi for året 2024 ser lågare prisprognosar på rundt 70 øre i NO5 og rundt 80 øre i NO2.
Avslutningsvis fortalde Camilla at stadig meir svingande kraftprisar gjer det meir risikabelt å velje både spot- og fastprisavtaler. Anbefalinga, slik marknaden ser ut no, er å velje forvaltning med ein aktiv forvaltningsstrategi. Då skjermar ein seg mot pristoppane, samtidig som ein får med seg periodane der straumprisane er låge, slik som prisen var i oktober, då NO2 låg på 50 øre og NO5 på 43 øre.