Aktuelt
Forbetre konkurransekrafta med effektiv energileiing
Vil du optimalisere energiforbruket og redusere kostnader i bedrifta di? Rune Jelle-Slenes, teknisk KAM i Wattn, har fleire års erfaring med energileiing og deler meir enn gjerne kunnskapen sin på området under samlingane våre i Energiarena. Her får du ein smakebit på kva han har å seie om betydninga av energileiing og korleis bedrifta di kan dra nytte av det.
Kvifor er energileiing viktig for dagens bedrifter?
CSRD-rapportering vil etter kvart bli obligatorisk, og då må ramma bedrifter rapportere på energibruk og tilhøyrande CO2-utslepp. Dette påverkar ikkje berre dei store selskapa, men også mange små og mellomstore bedrifter, då dei må levere nødvendig informasjon til kundane sine. Effektiv energileiing er derfor ikkje berre ein miljøvennleg praksis, men nødvendig for å overhalde nye forskrifter og halde fram med å vere konkurransedyktig i marknaden.
Nøkkelen til suksess
Ei av dei største utfordringane er gjerne å få energileiing godt implementert i bedriftskulturen. For å lykkast med dette, må bedrifta ha eit kontinuerleg fokus og innsats for forbetring. Her er to klare råd frå Rune
1. Etabler EOS: Start med eit energiovervakingssystem for å identifisere unødig forbruk. Det å synligjøre forbruket grafisk og få tilsendt automatiske rapportar, gjer at du raskare avdekkjer unødvendig forbruk. Installer gjerne ein sanntidsmålar, slik at du kan jobbe aktivt med effekt og topplaster. Du får då også varsel når du nærmar deg ein terskelverdi, noko som er veldig nyttig.
2. Få hjelp: Kontakt oss for råd og rettleiing om energisparetiltak i bedrifta di, og bygg gjerne på med energikartlegging. Enkle tips og råd kan leie til store innsparingar. Ein god start er gjerne å spørje deg sjølv: Hadde eg gjort det slik heime?
Nye forskrifter og reguleringar
Bedrifter bør vere merksame på lokasjonbasert og marknadsbasert klimagassrapportering. Som straumleverandør er vi forplikta til å informere i henhold til marknadsbasert klimagassrapportering. Eit medvite forhold til desse rapporteringskrava er viktig. Ved å følgje desse råda kan bedrifter som oppfyller lovkrava, oppnå kostnadsinnsparingar og bidra til ei berekraftig framtid.
EnergiArena som ein viktig møteplass for bedrifter
Energileiing er eit fast punkt på dagsordenen under kvar samling i EnergiArena, der du får oppdatert informasjon, tips og råd frå Rune på temaet. Eit anna fast tema er marknadsanalyse, prisar og prognosar i kraftmarknaden. Vi gir deg oppdatert informasjon og verdifull innsikt for godt avgjerdsgrunnlag. Ei interessant nettverkssamling fylt med kompetanse- og erfaringsutveksling.
Strategiar for effektiv energileiing
Få oversikt over energiforbruket
Det å ha ei fullstendig oversikt over energiforbruket er essensielt for å identifisere område for effektivisering. Eit energiovervakingssystem (EOS) og undermålarar kan hjelpe med dette.
Etabler energiovervåkingssystem (EOS)
EOS gir innsikt i kvar energien blir brukt og om tiltaka gir ønskte resultat. Det gir også oversikt over energibruk per produsert eining, noko som blir viktigare framover.
Kartlegg energiforbruk i innkjøpte råvarer
Kartlegging av energiforbruk knytt til innkjøpte råvarer er nødvendig. Sjølv om prosessen kan vere kompleks, er det viktig å etablere klare kommunikasjonskanalar for å samle inn denne informasjonen.