×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Energiarena 2000x700

Berekraft

EnergiArena

Vi er opptatt av å forvalte straum på ein fornuftig og berekraftig måte – både for kundane våre og oss sjølve. I EnergiArena samlar vi bedrifter for å jobbe saman mot eit felles mål: Å spare kostnadar og miljøet.

Medlemsbedriftene
EnergiArena er for små og store bedrifter som vil lære korleis straum kan brukast smartare. Som medlem i EnergiArena blir du invitert til nettverkssamlingar med spennande foredrag, og miljø- og berekraftskurs frå vår samarbeidspartnar, NTNU. I tillegg er EnergiArena ei plattform for kompetansedeling på tvers av medlemsbedriftene. Du lærer enkle tiltak som kan iverksettast i dag, og korleis energileiing kan nyttast i eit langsiktig berekraftsarbeid.

Få mest mogeleg ut av kundeforholdet ditt
Innsikt i eige forbruk er avgjerande for kostnadseffektiv og berekraftig bruk av straum. Medlemskapet i EnergiArena bidreg til at du får mest mogeleg ut av ressursane du har tilgjengeleg som ein del av kundeforholdet ditt med oss. Du lærer korleis bedriftsportalen kan brukast til å oppdage og hindre dyre effekttoppar, og dermed unngå unødvendige kostnadar. I tillegg vil våre erfarne energirådgivarar hjelpe deg med behovskartlegging, gode rutiner og energileiing i praksis.

Saman reduserer vi straumrekninga og sparar miljøet.
Camilla Blom 72dpi

Camilla Blom

Leiar Bedriftsmarknad

41 59 77 05camilla.blom@wattn.no

Bli med i EnergiArena


Tal frå Enova viser at energileiing kan redusere energiforbruket med 10 %, og EnergiArena har allereie bidratt til at kundene våre har spart over 150 millionar kroner i straumutgifter.

Medlemskapet er gratis, mot at du stiller interne ressursar til rådighet for å jobbe med energileiing og energieffektivisering.

Bli ein del av det spennande nettverket du også.