Wattn-strømpriser

Straum

Straumprisen enkelt forklart

Kven og kva er det eigentleg som avgjer kor mykje det kostar å ta seg ein dusj i Noreg? Vi gjer eit ærleg forsøk på enkelt å forklare kva som påverkar prisen på straumen i stikkontakta di.

Europas største marknadsplass for energi
Straum er ei ferskvare som må brukast i det augeblikket den blir produsert. Det er her straumbørsen Nord Pool kjem inn i bildet.
Nord Pool er Europas største marknadsplass for elektrisk energi, og all straum i Noreg og Europa blir kjøpt og solgt her.

Straumbørsen fungerer som ein dagleg auksjon, der Nord Pool kvar dag bereknar prisen på straum for dei neste 24 timane. Kraftprodusentane fortel kor mykje straum dei har til sals neste døgn og kva dei vil selgje den for, samtidig som straumselskapa og store industribedrifter seier kor mykje straum dei ønsker å kjøpe, og til kva pris. Basert på tilgjengelegheit og etterspørsel bereknar så Nord Pool kva prisen for straumen blir det neste døgnet.

Ein for alle, alle for ein
Det Europeiske energisamarbeidet er med på å sikre at Noreg og samarbeidslanda alltid har straumen dei treng. Systemet skal sørge for at straum går frå områder med låg pris, til områder med høg pris. Slik at straummarknaden blir balansert, og prisane jamnast ut.

Når nabolanda våre produserar mykje straum og har låge prisar, kan vi i Noreg importere straum og spare på vatnet i våre eigne vassmagasin. Det er spesielt viktig for oss i år med lite nedbør og smeltevatn her heime. Når behovet for straum er større i nabolanda våre, kan norske kraftprodusentar produsere og eksportere meir til gode prisar.

Det Norske straumnettet er kopla saman med straumnettet andre plassar i Europa gjennom fleire overføringskablar. Fordi vi er ein del av den europeiske straummarknaden, har energiprisane i Europa innverknad på straumprisane våre her heime. Det er likevel ikkje slik at straumprisen i Noreg blir den same som straumprisen i resten av Europa. Overføringskablane til utlandet har begrensa kapasitet. Det er kun ei viss mengde straum som kan passere gjennom dei. Men det er fleire faktorar enn energiprisen i Europa som påverkar prisen på straum i Noreg.

Det er fem prisområder i Norge
I Noreg har vi fem prisområder.: NO1 – Austlandet, NO2 – Sørlandet, NO3 – Midt-Noreg, NO4 – Nord-Noreg., og NO5 – Vestlandet. Hadde det vert fri flyt av straum mellom prisområda, hadde det vert lik pris for alle. Men på grunn av begrensningar i ledningsnettet, blir det prisforskjellar.

Ofte er prisane like i NO3 og NO4, fordi kapasiteten i nettet normalt er tilstrekkeleg for å dekkje behovet i begge prisområda. Det same gjeld for prisane i NO1 og NO5, som har god linjekapasitet seg imellom. Straumprisen i NO2 vert i større grad påverka av prisane på kontinentet, fordi det er her overføringskablane kjem inn. Dette er mykje av forklaringa på dei store prisforskjellane vi ofte ser mellom nord og sør i Noreg.

Straum er vêravhengig
I Norge produserar vi i hovedsak straum frå vasskraft. 95 prosent av alle bustadar i Noreg får straumen herfrå.

Ein varm, tørr sommar i kombinasjon med ein kald vinter med lite nedbør og høgt straumforbruk, gjer at vassmagasina vert reudsert. Då stig ofte straumprisen så mykje at det kjennast på lommeboka. Regnar det derimot mykje og vi får ein mild og våt vêrtype over tid – slik vi ofte har på Vestlandet – vil det ha ein positiv effekt på straumprisen og føre til lågare straumrekningar.

Gassprisen påverkar stramprisen
På straumbørsen brukast èin pris for all straum, uansett opphav. Når det ikkje er nok straum frå fornybare kjelder til å dekkje energibehovet i Europa, må ein dekkje behovet med kol- og gasskraft. Derfor kan også prisen på gass påverke straumprisen. Ekstraordinære hendelsar som krigen i Ukraina fekk også umiddelbare konsekvensar for straumprisen. Då Russland – som før krigen var hovudleverandør av gass til Europa – kutta i gassleveransen til EU, gav det rekordhøge energiprisar som også påverkar straumprisen i Noreg.

Straumprisen kort oppsummert
All straum i Noreg og Europa blir kjøpt og solgt via straumbørsen Nord Pool. Nord Pool bestemmer kvar dag prisen på straumen dei neste 24 timane. Faktorar som påverkar prisen på straum: produksjon og etterspørsel, vêr og vind, linjekapasitet og energiprisane i Europa.

Du kan sjølv gjere lite og ingenting med straumprisen, men du kan likevel påverke straumrekninga di. Her kan du lese korleis.

Lurer du på noko om straumen din. Spør oss!