Wattn strøm opprinnelsesgaranti fornybar energi

Berekraft

Opphavsgaranti

Du kan vere med å påverke straumprodusentane til å produsere meir straum frå fornybare energikjelder. Dess meir straum med garanti som blir kjøpt, dess meir fornybar straum må det produserast.

Opphavsgaranti gir deg moglegheit til å velje mellom fornybar straum og ikkje-fornybar straum. Derav namnet, opphavsgaranti. Med denne garantien kan straumkundar i Europa og her heime, vise at det er produsert like mykje fornybar straum – frå vatn, vind eller sol – som blir brukt.

Straum er ferskvare
Straum som blir produsert må brukast med ein gong. Den kan ikkje lagrast. Så kva straum vi til ei kvar tid brukar, er derfor avhengig av kva straum som er tilgjengeleg der og då. Nokre gonger syter velfylte vassmagasin for at så og sei all straumen i stikkontakta di heime er fornybar. Andre gonger – ofte på grunn av lite nedbør – må vi importere straum frå andre land, og då gjerne gjennom energikjelder som kol og naturgass.

Du har moglegheit for å påverke
Opphavgaranti gir deg moglegheit til å påverke straumprodusentane til å produsere meir straum frå fornybare energikjelder. Straumen inn i huset er den same, men ditt bidrag går til produksjon av meir fornybar energi. Dette er heldigvis ei moglegheit fleire og fleire ønskjer å nytte seg av.

Les gjerne meir om opphavsgaranti på NVE.no.