Fjell vann wattn

Berekraft

Klimaavtrykk for straum

I Norge produserar vi i all hovedsak straum frå fornybare kjelder. 95% av straumproduksjonen kjem frå vatn- og vindkraft.

Då er det naturleg å tenke «så stor andel fornybart – då kan ikkje klimaavtrykket vere stort». Når det kjem til klimaavtrykk for straum, er bildet meir komplekst. Det viktigaste først - det aller beste du kan gjere for å redusere avtrykket ditt er rett og slett å bruke mindre straum. Ikkje minst - den straumen du brukar, må du bruke smartare. Vi kjem tilbake til dette.

Bakgrunn
Ein betydelig del av globale klimagassutslepp kjem frå produksjon av elektrisitet, faktisk heile 30%. Det er viktig for oss alle, at desse utsleppa vert redusert. På den andre sida står samfunnet ovanfor ein elektrifisering for å kutte klimagassutslepp i andre sektorar. Noko som resulterar i betydeleg auka etterspurnad av straum, som igjen fører til auka produksjon.

For å forenkle brukar vi å seie at straum tar minste motstands veg. Med det meinar vi at du stort sett brukar straum som er produsert i nærleiken av der du bur. Samtidig er det slik at ingen har moglegheit til å direkte påverke kvar den straumen du får levert i stikkontakta din kjem frå. Sjølv om du er næraste nabo til eit vasskraftverk, så betyr ikkje det at du kun har vatn som energikjelde i ditt straumforbruk.

Eit komplisert bilde
Vårt straumnett har tette koplingar til resten av Europa. Det vert bygd overføringskablar mot utlandet som legg til rette for bedre transport av straum til og frå Norge og omverda. Med andre ord, vi er ein del av eit større system.

I tillegg til overføringen av den fysiske straumen mellom Norge og Europa, vert det også eksportert opphavsgarantiar til Europa. Opphavsgarantiar er ei merkeordning innført av EU som dokumenterar at det er produsert ei gitt mengde straum frå ei spesifikk fornybar produksjonskjelde. Eit resultat av denne ordninga er at varedeklarasjonen for straum i Norge får ei anna samansetning av energikjelder enn det som fysisk blir produsert her. I utrekninga av varedeklarasjonen vert det tatt hensyn til dei ulike europeiske landa sin eksport og import av opphavsgaranti og produksjonssamansetning. Kjernekraft, kolkraft og gasskraft er dei dominerande kjeldene til straumproduksjon i Europa.

Klimaavtrykk for straum
Som straumleverandør er vi pålagde å bruke varedeklarasjonen beregna av NVE. Det medfører eit større klimaavtrykk enn det vi har, for faktisk straumforbruk i Norge. I 2022 var tala for den nasjonale varedeklarasjonen på straum 502 gCO2e/kWh, som også er talet som vert brukt i våre berekningar. Avtrykket for den fysiske leverte straumen i 2022 var 19 gCO2e/kWh. Ved kjøp av opphavsgaranti vil du/din bedrift få 0 gCO2e/kWh. Ver merksam på at ved å bruke eit fast avtrykk (basert på ein satt produksjonsmiks) forenklar vi det som i realiteten er eit komplisert bilde.

Sjølv om 502 gCO2e/kWh ikkje er det reelle talet for ditt eller vårt forbruk tenker vi at dette kan vere eit insentiv til inspirasjon for å spare straum, slik at vi slepp å bygge ned unødvendig natur for vind- og vasskraftproduksjon. Norge er ein integrert del av det europeiske straumarknaden og har gjennom opphavsgarantiordninga solgt store delar av vår fornybare straum til Europa gjennom opphavsgarantiar. Etter kvart vil vi sjå at klimaavtrykket går ned fordi straummiksen i Europa totalt sett blir grønare.

For å få eit meir berekraftig samfunn må vi alle bidra; innbyggarar, bedrifter og myndigheiter. Det viktigaste vi kan gjere er å hjelpe kundane våre å redusere sitt straumforbruk og vere meir energieffektiv enn dei er i dag. Det prøvar vi å gjere gjennom innsikt, kunnskap og smarte tenester. Vi jobbar kvar dag for å lykkast. Det å synleggjere klimaavtrykket for straum er ein del av dette arbeidet.

Kjelder: NVE, Energi og Klima og Opprinnelsesgaranti

*
Tala i artikkelen er frå 2022. NVE oppdaterar varedeklarasjon for straum årleg, i månadskifte mai/juni, les meir her.