Electricity energy high voltage 7000

Aktuelt

04. september, 2022

Ekstremprisvarsel i NO3 søndag 04. september

Etter ein periode med låge spotprisar i NO3, kun avbrutt av kortare periodar med høgre prisar, vil vi søndag ettermiddag og kveld 4. september oppleve eit kraftig prishopp. Spotprisen vil ligge spesielt høgt mellom kl. 17 og 00, og for dei 3 høgste timane (kl. 19-21) vil innkjøpsprisen ligge i overkant av 620 øre/kWh. Prisane vil også halde seg høge i morgontimane mandag 5.september (omlag fram til kl. 11).

Grunnen til prishoppet søndag og mandag morgon, er mellom anna det gode veret vi har hatt i det siste. Vi såg også at det den 15.august var timar der Midt-Norge og Midt-Sverige kobla seg nærare dei sørnorske prisane. Når det skjer er det gjerne lite uregulerbar produksjon, det vil seie vindkraft og elvekraft. Tørt ver og lite vind både her i Midt-Norge og Midt-Sverige, gjer at vi blir kobla til svenske prisar.

Slike hopp i timeprisen kan oppstå frå tid til anna, og vi anbefaler difor å ta i bruk Wattn-appen og følge med på dagens spotprisar. Appen gir deg full kontroll over spotprisane så fort dei er klare. Du kan sjå spotprisen time for time eit døgn fram i tid, og få tilsendt varsling når straumprisen er høg ved å skru på varsel under menyen Mine sider. Appen gir deg gode verktøy for å unngå unødvendig høge straumkostnadar.


Andre pressesaker om prishoppet:
NRK: Kraftig prishopp på straumen i Midt-Noreg søndag kveld – NRK Møre og Romsdal
Firda: Kraft, Straumprisar | Søndag får vi betale for godvêret - også i Sunnfjord (firda.no)