Info 2000x700

Aktuelt

27. mai, 2024

Viktig informasjon om dobbelt trekk for AvtaleGiro

Tysdag 21. mai vart nokre av kundane våre som bruker Avtalegiro trekt to gonger for same faktura. Dette gjeld hovudsakleg sparebank-kundar.

OPPDATERT INFORMAJON 31.05.

Tysdag 21. mai vart nokre av kundane våre som brukar AvtaleGiro ramma av ein større feil i banksystemet. Det automatiske AvtaleGiro-trekket for mai (forbruket i april) lagt inn to gongar av banken. Sjølv om dei var raskt ute med å korrigere feilen, blei dessverre begge trekka tilbakebetalt til kunden.

Kva betyr feilen?
Feilen som oppstod påvirka kundar med AvtaleGiro til ulike leverandørar, ikkje berre kundar i Wattn. Bankane handterte feilen ved å trekke tilbake eit av dei doble betalingane, samtidig som vi også automatisk betalte beløpet tilbake til kunden. Dette resulterte i at fakturaen no står som ubetalt.

Kva skjer no?
Vi sender fakturaen på nytt, med ny forfallsdato til dei kundane det gjeld. Alle detaljar, inkludert fakturanummer, er det same og fakturaen blir sendt som normalt. Sidan fakturaen for forbruk i mai også har forfall i juni for dei fleste, anbefalar vi at ein sjekkar beløpsgrensa på AvtaleGiro-avtalen i banken.

Dei som har eFaktura i kombinasjon med AvtaleGiro, vil kanskje ikkje sjå efakturaen i nettbanken før det har gått ein dag eller to. Dette er heilt normalt, og den vil dukke opp etter kvart.

Alle kundar som er ramma av feilen vil få direkte beskjed frå oss.

Vi beklagar ulempa dette har medført.