Adult backlit beach 1000445

TEFT Summer Internship

Eit av våre fokusområder er å ha klimasmarte kundar som er meir energieffektive enn gjennomsnittet. For å nå dette vil vi nytte smarte produkter, samt skape eit bevisst forhold til forbruk.

Nettselskapa opplever i periodar eit stort trykk på kraftlinjene, fordi mange brukar mykje straum samtidig. Det blir rushtid på kraftlinjene. Eit tiltak som kan hjelpe mot dette er fleksibilitet. Rett og slett at forbrukaren ikkje brukar den straumen dei normalt ville ha brukt der og då, men heller selger den ubrukte straumen sin til nettselskapet. Dette kallar vi fleksibilitetsmarknaden.

I samarbeid med NTNU og TEFT-lab søker vi ein student som kan undersøke forretningsmoglegheitene innan fleksibilitetsmarknaden for private husholdningar.

- Kor stor er den moglege målgruppa?
- Kven er målgruppa?
- Kor stor betalingsvilje er det i marknaden?
- Er det investeringsvilje?
- Kor lang tid tar det før eventuelle smarte sensorar er nedbetalt?

Vi ser etter deg som har stor interesse for bransjen og som synes dette høres spennende ut. Du må ha analytiske evner og god forståelse for teknologi. Samtidig som du må like å grave djupt for å finne den informasjonen du treng for å levere ein god innsiktsfull rapport med anbefalinger på korleis vi skal gripe an moglegheitane som ligg i fleksibilitetsmarknaden. Du vil jobbe tett på rådgivarar frå NTNU og to av våre eigne tilsette.

Vi håpar at nettopp du vil søke!