Straumøkonom
08. oktober, 2025
Prisbiletet etter opninga av Sognefjordkabelen
Førre veke opna Sognefjorkabelen og den store flaskehalsen i straumnettet mellom straumprisområde Midt-Noreg NO3 og Vest-Noreg NO5 forsvann. Statnett ønskjer ein jamnare straumpris i heile Noreg.
Nesten samtidig som Sognefjordkabelen opna kom det eit byks i straumprisen i Midt-Noreg. Det er ikkje sikkert at det berre er Sognefjordkabelen som gjer at vi opplevde dette prishoppet. Kablane gjer at overføringa av straum frå nord til sør kan doblast. Vi trur ikkje at overføringa straks blir dobla, men etter kvart som det blir kaldare og forbruket går oppover vil «trafikken» gjennom kabelen gradvis auke.
Frå dag til dag er det mykje som kan påverke straumprisen. Same dag som Sogenfjordkabelen opna vart det også gjort ein feil i samband med berekningane av Spotprisen i Nord-Sverige – noko som også kan ha vore med å auke prisen i midt-norge. Det er med andre ord vanskeleg å seie heilt sikkert kva grunnen for prishoppet var.
Mange i Midt-Noreg lurer på kor mykje kabelen over Sognefjorden vil påverke straumprisane. Ikkje minst om denne kabelen vil gjere at vektskåla bør helle mot å velje Norgespris.
Utfordringa i forhold til val av Norgespris er at vi ikkje veit kor mykje kabelen kjem til å påverke spotprisen. Dei ulike analysebyråa har ulike berekningar på kor mykje kabelen har å seie. Noka tru at vi i midt-norge vil liggje på same nivå som Bergensområdet (NO5) når vinteren kjem – men det er altså eit stort sprik i prisprognosane.
No er det lurt å følgje med på spotprisen framover, sjå litt over tid der nivået legg seg. Ikkje agere på prisbyks på enkelttimar eller enkelt dagar. Hugs at når du teiknar avtale om Norgespris gjeld dette ut heile 2026, og ønskte for dei fleste at det skal lønne seg samanlagt sett for heile perioden.
Samanfatta, vent å sjå når det gjeld å velje Norgespris i Midt-Noreg.