

Straumøkonom
Elin blir Norges første straumøkonom
Vi lanserer Norges første straumøkonom. Kollegaen vår, Elin Hessen, er eksperten som skal hjelpe hushald i heile landet til å spare pengar på straumrekninga.
- Norske bankar har i mange år hatt forbrukarøkonomar som gir folk råd om privatøkonomi. Straumutgiftene påverkar økonomien til dei aller fleste, på same måte som lånerente og kredittkortbruk. Wattn og eg skal hjelpe til å gjere straumforbruk og -kostnader forståeleg for både forbrukarar og media, seier Hessen.
Elin har jobba innan energisektoren i 13 år, dei siste fem som leiar for berekraft i Wattn. Ambisjonen i den nye rolla hennar er å vise norske forbrukarar korleis energiforbruk påverkar lommeboka på langt fleire måtar enn gjennom påslaget på spotprisen. Dei store innsparingane ligg gjerne andre stader.

- Dette gjeld særleg i ei tid der straumprisane svingar kraftig, og er svært ulike i ulike delar av landet. Det betyr at problemstillingane og løysingane kan vere ulike for folk i Ørsta, Oslo og Kristiansand. Som ein landsdekkjande utfordrar ønskjer vi å gi treffsikre råd same kvar i landet ein bur, seier Hessen.
Nordmenn er nesten verdsmeistrar i straumforbruk, berre slått av innbyggjarane på Island, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Straumforbruket varierer basert på bustadtype, storleik, isolasjon, oppvarmingskjelder og talet på personar i husstanden osb. Eit forbruk på 16 000-20 000 kilowattimar (kWh) årleg er ganske vanleg (SSB 2023)
Gjennom fleire tiår har vi vorte vande til at straum både er lett tilgjengeleg og billig. Derfor har endringane i straummarknaden komme overraskande på mange og har ramma lommeboka, sjølv med rause norske støtteordningar.
- Vi ser eit aukande tal førespurnader frå forbrukarar som gjerne vil ha råd. Å gi råd til éin forbrukar om gangen er ikkje effektivt, særleg ikkje når mange lurar på dei same tinga. Det er ein av dei viktigaste grunnane til at vi etablerer Noregs første straumøkonom, forklarer Hessen.
Elin viser til ordninga med Norgespris, og Fornybar Norges siste undersøking der berre ein av fire nordmenn tenkjer å velje Norgespris.
– Her har bransjen ein jobb å gjere, for å opplyse folk slik at dei kan ta det valet som er best for lommeboka deira, seier Hessen. Eit anna underkommunisert område er moglegheitene for å spare pengar gjennom energiøkonomisering.
- Det er mange som meiner mykje om straum, men vi har sett at den lett tilgjengelege eksperten manglar i denne diskusjonen. Som straumøkonom skal eg gi objektive råd og gode tips til dei som skal navigere i straummarknaden. Det skal vere lett å ta gode val, avsluttar Hessen.