Wattn Spotprisprognose banner 2

Straum

12. juni, 2024

Planlegg straumforbruket med spotprisprognose

Skal du lade elbilen i dag? Kan klesvasken stå til torsdag? Spotprisprognose kan gi deg svaret! No kan du sjå forventa spotprisar for den komande veka i Wattn-appen.

Kva er spotprisprognose?

Spotprisprognose kan samanliknast med vêrmeldinga. Prognosane er basert på analysar om vêrforhold, sol- og vindforhold i Europa, og andre faktorar som påverkar spotprisen. Dei estimerte prisane blir oppdaterte kvar time og viser gjennomsnittsprisar i øre per kWh for dei aktuelle tidsintervalla. Prisane er inkluderte meirverdiavgift, men utan påslag, straumstøtte og nettleige. Alle tal blir henta frå kraftanalyseselskapet, Volue.



Enklare å planlegge

Spotprisprognose, kan som veremeldinga, nokre gonger treffe blink, og andre gonger ikkje. Likevel gir den ein verdifull peikepinn på når det er mest fordelaktig å bruke straum. Dette er spesielt nyttig for aktivitetar som oppvarming, klesvask og lading av elbilen, som krev mykje straum. Ved å følgje litt ekstra med, kan du spare pengar samtidig som du bidreg til meir effektiv bruk av straum.


Spotprisprognose og reelle spotprisar

Du finn spotprisprognosen i Wattn-appen på framsida under “meir frå oss”. Du finn reelle spotprisar for i dag og i morgon, pluss historiske straumprisar, under «spotprisvisning» i menyen.


Gjer det til ein vane å sjekke prisprognosar i appen, dette kan spare deg for unødvendige straumkostnader!