Kraftmarkedsrapport

Publisert

20. januar 2026

Høg spot


Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40 margrete.hovde@wattn.no

Det er vinter, og det er kaldare i Norden enn på lenge. Meteorologane seier at vi no går inn i ei veke med temperaturar ned mot fem gradar under normalen i Norden, og det blir òg kaldt på kontinentet. Det blir sett rekordar, både for produksjon og pris.

 

Prisane er no jamnare mellom områda, og «områderabatten» i Midt- og Nord-Noreg er mange dagar borte. Samstundes er det lite snø i fjella, noko som gir låge forventningar til snøsmelting når våren kjem. Med høgtrykk er det òg relativt lite vind.

 

Spotprisen (nordisk systempris) så langt i år ligg på 1,18 kroner, mot berre 48 øre i dei tilsvarande fire vekene i fjor. Firevekarsvarselet viser framleis svært kaldt og tørt vêr så langt prognosane rekk.

 

Vi må difor bu oss på vedvarande høgt prisnivå i første kvartal, og truleg òg inn i det andre. Snøsvikten kan prege heile året, men frå tidlegare veit vi at kraftmarknaden òg kan snu raskt.
 

 

 

 

Indikativer prisar for opphavsgaranti. Ved avtale må skarp pris hentast.