Europower melder at det førre veke vart sett ny timesrekord for elektrisk kraftforbruk i Noreg. Den førre rekorden var frå 2021. Det er mykje merksemd rundt aukande kraftforbruk og påstandar om at Noreg er på veg inn i eit kraftunderskot. Difor er det verdt å merke seg at det tok fem år å slå den gamle rekorden.
Kraftforbruket har over tid auka som følgje av elbilar og annan elektrifisering, mellom anna på sokkelen gjennom kraft frå land. Samstundes har forbruket til oppvarming gått ned, og det same gjeld for delar av den tradisjonelle kraftkrevjande industrien. Det måtte difor ei markant midtvinters kuldebølgje til for at ein ny rekord skulle bli sett.
Vêrmeldingane no peikar mot mellombels mildare vêr, kanskje må vi vente til neste vinter før den nye rekorden vert historie.


