Når året går mot slutten, viser ferske estimat frå energibransjen (BDEW) at fornybar energi vil dekkje om lag 56 prosent av det tyske kraftforbruket. Solenergi veks raskt og er venta å stå for meir enn ein tredel av den totale fornybarproduksjonen i 2025.
Tyskland har sett seg som mål at 80 prosent av energiforbruket skal kome frå fornybare kjelder allereie i 2030. For å sikre balanse i kraftsystemet vil landet styrkje kapasitetsmarknadene. Høgeffektive gasskraftverk – førebudde for seinare ombygging til hydrogen – skal bidra, og kapasiteten i marknaden blir auka med rundt 10 GW.
Heile energisystemet i vårt største kraftmarknad i Europa er i rask endring. Energiwende bidreg til lågare kraftprisar over tid og styrkt konkurranseevne for tysk industri. For norske næringskundar betyr dette at kraftmarknaden i aukande grad blir påverka av utviklinga på kontinentet. I lange periodar kan Noreg få tilgang til rimeleg importkraft, noko som påverkar både prisnivå og marknadsdynamikk også her heime.
Utviklinga i Tyskland er difor viktig å følgje tett – ikkje berre som energipolitikk, men som ein sentral premiss for rammevilkåra til norsk næringsliv.


