13. desember, 2023
392 turmål i vinterens Stikk UT!
15. desember, går startskotet for Stikk UT! Vinter i Møre og Romsdal, og Wattn er med som stolt sponsor. 159 skiturar og 233 fotturar er med i vintersesongen 2023-2024, og du kan registrere turar i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no fram til 15. april.
Større satsing og kilometervis med løyper
Stikk UT! Vinter er eit samarbeid mellom friluftsråda i Møre og Romsdal, Sparebanken Møre og Wattn, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisenter, løypelag, deltakarkommunar og mange dyktige frivillege. Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Friluftsråda har denne vinteren større satsing med både skiturar og fotturar og ønsker å få med endå fleire deltakarar.
Premiar for Stikk UT! Sammen
Stikk UT! Sammen er eit konsept for å få endå fleire på tur saman. Å førebygge einsemd og fremje turglede er ein viktig bodskap for Stikk UT! Sammen. For første gong er det eit enkelt konsept både i app, på stikkut.no og brosjyre som alle kan ta i bruk. Delta ved å Gå fem turar sammen med en turvenn og meld deg på månadlege trekkingar av turpremiar med Stikk UT!-logo.
Stikk UT! Bedrift – også i vinter
Stikk UT! Bedrift skapar aktivitet, samhald og gode turvanar for kollegar på jobben! I Stikk UT! Bedrift registrerer dei tilsette Stikk UT!- turmål og desse vert knytta til bedrifta – slik kan ein følge med på kor aktiv bedrifta er. Stikk UT! Bedrift skapar aktivitet og samhald på arbeidsplassen; mange bedrifter melder om lågare sjukefravær, auka trivsel og hyggelig fellesskap rundt turpraten i lunsjpausane. Bli med å tilrettelegg for aktivitet i den kalde, mørke tida på året – då det å komme seg ut på tur verkeleg kan gjere ein forskjell for den fysiske og psykiske helsa vår.