Straum
Straumrekninga
Når straumrekninga kjem håpar vi alle at den skal vere så låg som mogleg. Men visste du at berre 1/3 av straumrekninga di er knytta til den straumen du faktisk brukar?
Straumrekninga di består av tre delar: Straum, nettleige og skattar og avgifter til staten.
Straum, er straumforbruket ditt, det du faktisk brukar i straum.
Nettleige er det du betalar til det lokale nettselskapet som eig straumnettet for å få straum fram til boligen din. Nettleiga består av ein fast del og ein variabel del som er avhengig av forbruket ditt.
Skattar og avgifter er straumselskapet og nettselskapet pålagt må kreve inn på vegne av staten. Det er avgifter som forbruksavgift på elektrisk kraft, meirverdiavgift og elsertifikat.