Sanntidsmåling med WattMeter
Følg med på straumforbruket ditt i sanntid, rett frå mobilen. Med WattMeter ser du nøyaktig kor mykje straum du brukar akkurat no, og kva den kostar.
Når dei fleste nettselskapa innfører ny nettleigemodell 1.juli, kan sanntidsinformasjon om ditt straumforbruk hjelpe deg å redusere kostnadar ved å jamne ut forbruket.
Når dei fleste nettselskapa innfører ny nettleigemodell 1.juli, kan sanntidsinformasjon om ditt straumforbruk hjelpe deg å redusere kostnadar ved å jamne ut forbruket.
Bruk mindre, betal mindre
Med eit WattMeter i straummålaren din, oppdagar du unødvendig straumforbruk og kan gjere noko for å spare klimaet og lommeboka. Jo meir straum vi brukar, jo viktigare er det å nytte den smart. Og det er med straum som med økonomi; det er lettare å spare når du veit kor mykje du brukar.
Straum har nemlig rushtid
Med WattMeter kan du følge med på svingingar i eige forbruk, og sjå om du brukar for mykje straum samtidig. Straumen er også dyrast på den tida av døgnet det blir brukt mest straum, og det er mykje å spare på å utsette noko til etter rushtida.