Wattn profil gradient gul

Angrerett og retur

I følge lova om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokaler, har du rett til å angre på eit kjøp du har gjort. Angreretten forutset at du innan 14 dagar etter du har motteke leveringa, varslar oss om at du ønsker å nytte deg av angreretten din.

Det er viktig at du varslar oss om at du ønsker å nytte deg av angreretten din. Det enklaste er at du tek kontakt med oss direkte via nettsidene våre, på e-post eller telefon.

Angrerett ved kjøp av straum

Dersom du vel å seie opp avtalen, vil vi tilbakebetale alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadane (med unntak av tilleggskostnadane som følgje av at du har valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Vi gjennomfører tilbakebetaling med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavelege transaksjonen, med mindre du ettertrykkjeleg har avtalt noko anna med oss.

I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.

Dersom du har bede om at utføringa av tenestene (medrekna levering av vatn/gass/elektrisitet/fjernvarme) skal ta til før angrefristen går ut, skal du betale oss eit beløp som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du gav oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen, samanlikna med full oppfylling av avtalen.



Angrerett ved kjøp av WattMeter og elbil-ladar
Dersom du vel å seie opp avtalen, vil vi tilbakebetale alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadane (med unntak av tilleggskostnadane som følgje av at du har valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Vi gjennomfører tilbakebetaling med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavelege transaksjonen, med mindre du ettertrykkjeleg har avtalt noko anna med oss.

I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.

Angreretten gjeld sjølv om du har brote emballasjen. Dersom produktet er skada eller ikkje lenger er fullstendig, og skaden skyldast handteringa di av produktet har vi rett til erstatning for skaden som er påført.

Produkta du brukar angreretten din på, skal returnerast til oss innan rimeleg tid, og seinast to veker etter at du informerte oss om at du ønska å nytte deg av angreretten.

For WattMeter tilbakebetaler vi alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadane med unntak av tilleggskostnadar som følgje av at du har
valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr, så snart vi har motteke produktet i retur, eller ei kvittering på at vara er sendt tilbake.

Returseddel for WattMeter finn du vedlagt i eska. Dersom du har kasta denne, eller av anna grunn ikkje nytter deg av vedlagt returseddel, må du dekke returkostnadane sjølv.

For elbil-ladar må du kontakte installatøren din.

Produktet skal returnerast i like god stand som då du mottok det.

Retur av produkt

Retur av WattMeter utan returseddel

Frå:
Wattn AS
<Device ID> / Kundenamn
Postboks 1500
6025 Ålesund

Til:
Hark Technologies AS
Jarleveien 4
7041 Trondheim

Retur av elbil-ladar

Ta kontakt med installatøren som satte opp elbil-ladaren din.