Aktuelt
09. februar, 2023
Straumsparetips som held Wattn
Straumrekninga di kan du dele i tre: straumen du brukar, nettleiga – leige for at straumen blir frakta fram til deg via straumleidningsnettet i luft og jord, og avgifter til staten. Du kan altså sjølv påverke straumrekning. Men kva i huset brukar mest straum, og korleis kan du spare?
Straumtjuvane i dei 1000 heimar
Oppvarming av bustad er den desidert største straumslukaren i Noreg. Heile 60 % av straumforbruket ditt går til å ha det godt og varmt heime. Oppvarming av varmtvatn kjem på ein god andreplass, med 15 – 20 %. Elektriske apparat som vaskemaskin, tørketrommel, komfyr og steikeomn seglar inn som nummer tre, med 15 % av straumforbruket ditt, mens den sure fjerdeplassen – viss vi kan kalle den det – går til belysning, med sine 10 %. Basert på dette utkrystalliserer det seg tre gode straumsparetips og eitt bonus-tips.
Tre enkle, supersmarte straumsparetips
1. Reduser varmen i huset. For kvar grad du senker temperaturen i huset, reduserer du kostnadane til oppvarming med fem prosent.
2. Du treng ikkje kjøpe ein sparedusj for å bruke mindre varmtvatn. Reduser i staden dusjstrålen og dusjetida – det er heilt gratis og mykje meir effektivt.
3. Skift til LED-lys i heile huset, både inne og ute. Det vil redusere straumbruken med opp mot 90 %.
Bonus-tips: reduser straumbruken i rushtida, få lågare nettleige
Ver smart når du brukar straum, då oppnår du dobbel sparegevinst. Klarer du å redusere straumbruken i «rushtida», brukar du mindre straum når straumen er dyrast, ergo sparar du pengar. I tillegg er du med på å avlaste straumnettet. Det likar nettselskapet, og løner deg med billegare nettleige.
Få god hjelp med effektvarsling i appen
Til å hjelpe deg med å bruke straumen smartare, har vi utvikla effektvarsling i appen vår, og WattMeter, som måler straumforbruk i sanntid. Les meir om effektvarsling i Wattn-appen og bli litt klokare.
PS! Lurer du på om du får, eller kor mykje du får i straumstøtte?
Sjekk ut straumstøttekalkulatoren vår.