Wattn effektvarsel app spare nettleie

Aktuelt

09. februar, 2023

Reduser nettleiga med effektvarsling

Klarer du å redusere straumbruken i «rushtida», kan du oppnå dobbel sparegevinst.

Straumen førast fram til heimar og bedrifter via fysiske straumkablar i lufta og i jorda. Desse straumkablane er eigd, bygd ut og haldne ved like av nettselskap over heile landet. For denne jobben betalar vi alle nettleige.

Styr unna «rushtida»
Straumprisen varier time for time. Straumen er dyrast når folk og fe bruker straum samtidig. Som om morgonen mellom 7 og 10 – når heile Noreg dusjar, og om ettermiddagen og kvelden mellom 17 og 20 når alle kjem heim og skal lage middag. Då er det «rushtid» på straumnettet, og belastinga på systemet er stor. Det ønsker nettselskapet å unngå.

Dobbel sparegevinst – ja takk!
Klarer du å fordele straumforbruket ditt litt meir utover døgnet, slik at du ikkje brukar så mykje straum morgon og ettermiddag, hjelper du nettselskapet. Det vert lønna med lågare nettleige – enkelt og greitt. Bonusen her er at du då også brukar mindre straum når straumen er dyrast, ergo sparar du pengar her også. Det er altså ein dobbel sparegevinst ved å bruke straum smart.

Tips for å redusere straumbruk i rushtida
1. Dropp morgondusjen. Ta i staden ein kjapp dusj om kvelden før du legg deg.

2. Vask kle midt på dagen, om du er heime, eller om kvelden før du legg deg.

3. Sett på oppvaskmaskina seinare på kvelden, i stadet for rett etter middag.

4. Har du peisomn, fyr i omnen med en gong du kjem heim etter jobb. Ikkje vent til kvelden.

5. Invester i eit smarthussystem, det treng ikkje koste så mykje. Då kan du mellom anna styre lading av bilen, varmekablar, panelomnar og varmtvasstanken ut frå straumprisen og når du treng varme og varmtvatn.

PS! Ikkje fall for freistinga til å vaske og tørke kle om natta. Det er brannfarleg. Mange brannar i Noreg startar på vaskerommet.

Bruk effektvarsling i appen
For å hjelpe deg med å bruke straum smartare har vi lagt til rette for effektvarsling i Wattn-appen. Der kan du sjølv sette ei grense for kva ditt høgaste timeforbruk skal vere. Då vil du få eit pushvarsel i appen om du passerer denne grensa. Har du i tillegg WattMeter – som måler straumforbruket i sanntid – vil appen varsle deg når du er i ferd med å overskride den grensa du har satt. Enkelt og smart.

Tre andre smarte straumsparetips som garantert vil redusere straumrekninga!