Electricity energy high voltage 7000

Aktuelt

17. desember, 2021

Ny nettleigemodell

Den nye nettleigeordninga for kundar med årsforbruk under 100.000 kWh trer i kraft hos dei fleste nettselskapa frå 1.juli 2022.

Ordninga var planlagt frå 01.01.22, men Stortinget beslutta at ordninga ikkje måtte innførast ved nyttår men i løpet av året. No vert innføringa hos dei fleste 1.juli 2022.

Den nye nettleigemodellen legg til rette for betre utnytting av straumnettet, ei meir rettferdig fordeling av nettkostnadane mellom kundane. Med nye effektbaserte tariffar, skal smart straumforbruk blir premiert med lågare nettleige. Ordninga gjeld for alle privatkundar, fritidsbustadar og næringskundar med forbruk under 100.000 kWh i årsforbruk.

Den nye nettleigeordninga gir deg større mulighet til å påvirke kva du betalar. Kort forklart er det effekttoppen din ein månad som legg føringa for nettleiga di den neste månaden. Målet med den nye tariffen er å få jamna ut forbruket til folk flest. På den måten kan vi utnytte og bruke det eksisterande straumnettet meir effektivt for igjen å skåne naturen for meir utbygging. Brukar du straumen smart og jamnar ut forbruket ditt, kan du spare pengar når den nye nettleige-tariffen trer i kraft.

Mange av nettselskapa har valt den same modellen for handheving av den nye ordninga. Nokre valde å tiltre ordninga ved nyttår, mens mange valde å vente til ordninga tiltrer no 1.juli 2022.

Vi har laga ei oversikt over dei nettselskapa vi har gjennomfaktureringsavtale med, slik at du kan gå direkte til nettsida deira for å finne informasjon. Har du eit anna nettselskap enn dei som er lista opp, kan du gå direkte til nettsida deira.