Straum

Skal du flytte?

Det viktigaste du kan gjere er å gi oss beskjed når du veit kva dato du skal flytte. Då sikrar du at du ikkje betalar straum ein plass du ikkje lenger bur. Vi kan dessverre ikkje datere ei avslutta straumavtale tilbake i tid. 

Det neste er å seie ifrå om kvar du flyttar slik at du får ein straumavtale til den nye bustaden din. Om du ikkje vel nokon til å levere straum til deg, vil nettselskapet ditt sette deg på leveringspliktig straum. Det er unødvendig dyrt for deg.

Skal du kjøpe, eller har kjøpt ny bustad, får du gjerne tilbod frå meglar om å signere straumavtale ved overtaking. Det kan verke enkelt og greit, men er ikkje nødvendigvis det mest lønsame. Ta deg tid til å sjekke kva straumavtale som passar for deg. Sjølv små endringar som å flytte fra ei lita til ei større leilegheit, eller gå frå ein til to i husstanden, har utslag på straumforbruket ditt. Pass derfor på at du har rett straumavtale til deg og forbruket ditt.

 

Spørsmål og svar om flytting

    • Eg skal flytte, kva gjer eg?
    • Kan eg ta med meg straumavtalen min når eg flyttar?
    • Eg har allereie flytta ut, kven skal eg gi beskjed til?
    • Eg skal flytte ut, men ingen skal flytte inn, kva gjer eg?