Straum
Ung og på flyttefot? Slik fiksar du straum enkelt
Studentar og unge vaksne er ofte dei som er mest på flyttefot – nye byar, nye kollektiv og stadig nye adresser. Då er det godt at noko kan vere lett - som å fikse ny straumavtale. Her får du ein rask guide til korleis du bestiller straum, flyttar med deg straumavtalen eller avsluttar straumen – heilt enkelt.
1. Finn straumavtalen som passer for deg
Når du flyttar, og straumavtalen skal stå på deg (ikkje på utleigar eller huseigar), står du fritt til å velje den straumleverandøren du vil. Du kan bestille straumavtale direkte hos den straumleverandøren du ønsker.
Tips: Bestill gjerne straum før overtaking – så er alt klart når du flyttar inn. Avtalen startar først den dagen du overtek bustaden, så du betaler ikkje for noko før det. Slik unngår du også å betale pliktstraum til nettselskapet ditt, som ofte er dyrare og mindre gunstig. Sjå våre straumavtalar her.
2. Skal du flytte til ny adresse?
Då kan du enkelt ta med deg straumavtalen på flyttelasset. Gi oss bare beskjed om kor og når du skal flytte – på telefon 70 10 20 10 eller på e-post til hei@wattn.no – så fiksar vi resten for deg.
Tips: Du kan også melde flytting i Wattn-appen eller på Mi side.
3. Skal du avslutte straumavtalen - utan å bestille ny?
Kanskje er du ferdig å studere, eller skal flytte frå ein plassen du bur no? Gi oss bare beskjed – så avsluttar vi avtalen for deg, enkelt og greitt.
Tips: Gi oss beskjed seninast to dagar før du flyttar ut, slik at vi rekk å avslutte avtalen i tide. Vi kan dessverre ikkje avslutte tilbake i tid, så tar du kontakt etter at du har flytta ut må vi avslutte straumavtalen to dagar fram i tid. Så seier vi "På gjensyn, og håper du husker oss neste gang du skal bestille straum".
Ung - straumavtalen for deg under 30 år!
Avtalen passer perfekt for studenter og unge voksne som vil ha ein straumavtale utan påslag og utan bindingstid.
Les meir og bestill Ung
