Aktuelt

Finalist i CHARGE Energy Branding Award

Finalist RVK 2022 WATTN 15 lang

Wattn er nominert i kategorien «World’s Best Challenger Brand», og kåringa finn stad på Reykjavik 17.oktober. I kriteria for finalistane har CHARGE sett på ekte energiteknologiske innovatørar som har nytta banebrytande løysingar for å styrke kundane sine. Dei har i tillegg sett på selskap som utviklar løysingar og set fokus på det som trengs for å skalere seg mot det grøne skiftet.

Sidan Wattn vart lansert hausten 2021 har vi lansert fleire smarte tenester, i tillegg til appen og bedriftsportalen, som er nyttige verktøy for kundane våre å følgje med på eige forbruk og kostnadar. Nyleg lanserte vi effektvarsling knytt mot den nye nettleigemodellen, som den første i Norge.

Denne finaleplassen gir oss ekstra energi til å jobbe vidare med spennande prosjekt i tida framover.

Uansett utfall er dette ein siger for oss!