Aktuelt
12. august, 2022
Ekstremprisvarsel i NO3 laurdag 13. august
Grunnen til prishoppet laurdag er at det for tida er restriksjonar i overføring av straum mellom nord og sør i Sverige. Denne restriksjonen skal vare til 20. august. Når det då i tillegg er meldt lite vind i Nord-Sverige, vil Midt-Sverige kople seg på Midt-Norge og dette gjer at prisane stig. Dette kan også skje seinare i august.
Slike hopp i timeprisen kan oppstå frå tid til anna, og vi anbefaler difor å ta i bruk Wattn-appen og følge med på dagens spotprisar. Appen gir deg full kontroll over spotprisane så fort dei er klare. Du kan sjå spotprisen time for time eit døgn fram i tid, og få tilsendt varsling når straumprisen er høg ved å skru på varsel under menyen Mine sider. Appen gir deg gode verktøy for å unngå unødvendig høge straumkostnadar.