Aktuelt
16. november, 2023
Kuldeperiode utløyser prisauke i Norden
Vi er inne i ei veke der spotprisane i Norden har løfta seg, særleg merkar midt- og nord-Noreg denne prisauken godt. Vi har fått ein forsmak på vinterprisane. Seniorrågivar i Wattn, Margrete Heltne Hovde, forklarar oss kvifor.
Det vi kallar «nordområdet» er definert av fysiske flaskehalsar i nettet, i praksis definert av Statnett og Svenska Kraftnet. Nordområdet på norsk side er nord for Sogn og Dovre, NO3 og NO4, medan i Sverige går skiljet mellom prisområde SE2 og SE3 litt nord for Stockholm. Normalt har nordområdet vesentleg lågare pris enn sørområdet, mellom anna på grunn av god tilførsel av vasskraft og vindkraft. Som kjent frå media er spesielt NO2, Sørlandet, utsett for høge prisar, grunna kabeltilknytinga til Europa. Så lenge prisane på kontinentet er høgare enn her i Norden flyt volumet dit prisen er høgast - vi eksporterer.
Årsaken til at vi får ein prisauke no, er kulda vi har i nordområdet. Forbruket er høgt og mange vindanlegg står, dels på grunn av lite vind, men denne veka også på grunn av ising på rotorblada. Også vassturbinar er teke ut av drift desse dagane då isen legg seg. Vi er inne i den årlege «isleggingsveka» i Sverige og Finland. I tillegg har Tyskland på si side fått litt meir vind enn i Norden. I denne situasjonen fell flaskehalsane vekk. Vi ser difor felles spotpris i Norden og store delar av Europa no.
Det er altså håp om meir moderate prisar neste veke, men dette er avhengig av korleis vêr og temperaturar vert vidare.