Publisert

01. desember 2023

Kjøligare vêr enn vanleg - kraftprisane stig


Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40 margrete.hovde@wattn.no

Wattn-bedrift-kraftmarked-Margrete-Heltne-Hovde

Etter at vêrtrenden endra seg frå vått til mildt og vindfullt mot slutten av oktober, har vinterkulda no sett inn, og kraftmarknaden har reagert med stor oppgang. Tor Wilhelm Havåg, avdelingsleiar for krafthandel og analyse i Tussa Energi, uttrykkjer at dette igjen understrekar kor avhengig kraftmarknaden er av vêrforhold. Den gode fyllinga av kraftmagasina i sommar og tidleg haust har skapt eit solid utgangspunkt, noko som står i kontrast til starten av vinteren i fjor. Heldigvis ser vi at prisane ikkje vil nå dei høge nivå som vi opplevde i fjor, med døgnprisar opp mot 3-4 kronar.


Prognosen for dei kommande to vekene viser eit gjennomsnitt på 6 grader under normalen. Dette, kombinert med rolege vindforhold som ofte oppstår under kalde periodar, antydar to veker med høge kraftprisar. Likevel peikar varselet for dei følgjande fire vekene mot mildare vêr i forkant av jul og nyttår.

God innsikt gir grunnlag for gode og berekraftige val

Ved å kjenne eige forbruk, kombinert med innsikt i kraftmarknaden er ein betre i stand til å ta dei rette vala. Vi tilbyr deg og bedrifta di denne innsikten gjennom månads- og vekesrapportar. Eit godt verktøy for deg som ønsker å ha oversikt over utviklinga i kraftmarknaden.

Eg vil ha tilsendt kraftmarknadsrapport kvar veke